Zittau
Utsjånad
Zittau | |||
by | |||
Land | Mal:Landdata Tyskland, Duchy of Jawor, Kurfyrstedømet Sachsen | ||
---|---|---|---|
Areal | 66,75 km² | ||
Folketal | 24 710 (31. desember 2023) | ||
Zittau 50°53′46″N 14°48′26″E / 50.896111111111°N 14.807222222222°E | |||
Wikimedia Commons: Zittau |
Zittau er ein by i Sachsen i Tyskland, nær landegrensa mot så vel Polen som Tsjekkia. Byen, som ligg 242 meter over havet ved elva Neisse, har 24 500 ibuarar og eit flatemål på 66,8 km².
Bomullsindustri, maskin-fabrikasjon og framstilling av kjemikaliar er viktige næringar i Zittau. Byen er elles eit jarnbane- og vegknutepunkt.
Fleire kyrkjer er frå 1300-talet. Heile gamlebyen med mange renessanse-, barokk- og rokokko-bygningar er freda kulturminne.
Kong Ottokar II av Böhmen gav staden byprivilegium i 1255.
Skirennarane Matthias Buse og René Sommerfeldt er frå Zittau.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Zittau» frå Wikipedia på tysk, den 31. oktober 2022.