Zitti e buoni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Zitti e buoni» (italiensk uttale [ˈtsitti e bˈbwɔːni]; norsk omsetjing 'tei stille og oppfør deg') er ein rockesong frå 2021 med den italienske gruppa Måneskin. Songen vann San Remo-festivalen 2021 og deretter Eurovision Song Contest 2021. «Zitti e buoni» er skriven av bandmedlemmane Damiano David, Ethan Torchio, Thomas Raggi og Victoria De Angelis. Han er produsert av Fabrizio Ferraguzzo og vart sloppen for strøyming og digital nedlastning 3. mars 2021.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«Zitti e buoni» vart opphavleg skriven som ein ballade i 2016, men dei påfølgjande åra omarbeidde bandet han til ein rockelåt.[1] Ifølgje Måneskin viser tittelen til «sinnet vårt som vert omforma til noko positivt, noko som førar til endring».[2][3] Ifølgje NME er songen eit kritisk spark frå den yngre generasjon retta mot den eldre generasjonen, og magasinet skriv vidare at teksta tek for seg tema som å «utfordre fordommar» og det å «finne forløysing».[4] Nettstaden Wiwibloggs beskreiv songen som eit «manifest for dei som ønskjer å ta seg framover, ved å verdsetje sine unike eigenskapar».[5]

Songen vart gjeven ut 3. mars 2021, mens ein akustisk versjon vart publisert på YouTube 7. mai 2021.[6] Fire dager etter utgivinga, 7. mars 2021, deltok og vann han i den største musikktevlinga i Italia, San Remo-festivalen.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Måneskin si framsyning under den fyrste semifinalen i Eurovision Song Contest 2021.

Som vinnar av San Remo-festivalen, tilbaud kringkastaren Radiotelevisione Italiana Måneskin å representere Italia i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. Bandet takka ja til tilbodet og «Zitti e buoni» vart dimed det italienske bidraget til finalen i Eurovision Song Contest laurdag 22. mai.[7] På førehand var songen storfavoritt til å vinne tevlinga.[8][9][10]

Songen innfridde favorittstempelet og vann Eurovision Song Contest 2021 med til saman 524 poeng – 318 poeng frå telefonavrøystinga og 206 fra juryane. Songen fekk 25 poeng meir enn andreplassen «Voilà» av den franske artisten Barbara Pravi.[11][12] Songen fekk 12 poeng fra juryane i Kroatia, Georgia, Slovenia og Ukraina, og fra sjåarane i Bulgaria, Malta, San Marino, Serbia og Ukraina.[13] Då gruppa framførte vinnerlåten på ny, song dei den usensurerte versjonen av songen.[14] I sigersintervjuet under sendinga uttalte vokalist Damiano David: «Vi vil bare seie til heile Europa, til heile verda: Rock 'n' roll døyr aldri».[15]

Dette var fyrste gongen sidan 2006 at ei gruppe vann tevlinga, og med ein utypisk musikksjanger for Eurovision Song Contest. Dette var òg den fyrste sigeren til Italia sidan 1990, og den fyrste sigeren til ein av dei «fem store landa», sidan Tyskland vann på Fornebu i 2010.[16]

Med unntak av vokalisten David, vart dei øvrige bandmedlemmane dei fyrste vinnarane av Eurovision Song Contest som var fødde etter 2000. Dei vart gratulerte av den italienske presidenten og regjeringa.[17] Italiensk presse samanlikna gleda og sigeren med sigeren til det italienske herrelandslaget under Fotball-VM i 2006.[18]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2021) Høgaste
plassering
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[19] 2
Belgia (Ultratop Flandern)[20] 2
Belgia (Ultratop Vallonia)[21] 43
Danmark (Hitlisten)[22] 18
Euro Digital Songs (Billboard)[23] 2
Finland (Suomen virallinen lista)[24] 1
Frankrike (SNEP)[25] 107
Global 200 (Billboard)[26] 22
Hellas (IFPI Greece)[27] 1
Irland (IRMA)[28] 12
Island (Tónlistinn)[29] 9
Israel (Media Forest)[30] 11
Italia (FIMI)[31] 2
Kroatia (HRT ARC 100)[32] 3
Latvia (LR Top 40)[33] 12
Litauen (AGATA)[34] 1
Nederland (Nederlandse Top 40)[35] 19
Nederland (Single Top 100)[36] 1
New Zealand (RMNZ)[37] 26
Noreg (VG-lista)[38] 2
Portugal (AFP)[39] 4
Slovakia (Singles Digitál Top 100)[40] 8
Slovenia (SloTop50)[41] 33
Spania (PROMUSICAE)[42] 16
Storbritannia (UK Singles)[43] 17
Sveits (Schweizer Hitparade)[44] 2
Sverige (Sverigetopplistan)[45] 1
Tsjekkia (Singles Digitál Top 100)[46] 6
Tyskland (Deutsche offizielle Charts)[47] 9
Ukraina (Tophit)[48] 16
Ungarn (Stream Top 40)[49] 6
US Hot Hard Rock Songs (Billboard)[50] 8
US World Digital Song Sales (Billboard)[51] 7

Sertifiseringar[endre | endre wikiteksten]

Region Sertifisering Sertifiserte einingar
Italia (FIMI)[52] 2 x platina 140 000
Strøyming
Hellas (IFPI Greece)[53] Gull 1 million
Sverige (GLF)[54] Gull 4 millioner

Utgivingshistorikk[endre | endre wikiteksten]

Region Dato Format Label Ref.
Italia 3. mars 2021 Radiospilling Sony Music Entertainment [55]
Diverse Digital nedlastning, strøyming [56]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Milano Sanremo, Maneskin: «Con Zitti e Buoni ci siamo andati giù pesanti»». Billboard Italia (italiensk). 4. mars 2021. Henta 6. juni 2021. 
  2. «Maneskin, all'Eurovision "Zitti e Buoni" sarà senza parolacce: "Siamo ribelli, non scemi"». Il Gazzettino (på italiensk). 
  3. «Zitti e buoni i Maneskin approdano a Sanremo 2021 e chiacchierano in esclusiva per (il) Cosmo». Cosmopolitan (italiensk). 4. mars 2021. Henta 6. juni 2021.  Parameteren |forfattar= er ikkje støtta av malen. (hjelp)
  4. «Italian Eurovision winners Måneskin talk future plans and "bullshit" drug allegations». NME (engelsk). 26. mai 2021. Henta 6. juni 2021. 
  5. «Måneskin "Zitti e buoni" Lyrics in English - Italy Eurovision 2021». wiwibloggs (engelsk). 2. mars 2021. Henta 6. juni 2021. 
  6. «🇮🇹 Italy: Måneskin Release Acoustic Version of "Zitti e Buoni"». Eurovoix (engelsk). 7. mai 2021. Henta 6. juni 2021. 
  7. «UPDATE: Måneskin will represent Italy at the Eurovision Song Contest». Eurovision.tv (engelsk). 7. mars 2021. Henta 7. mars 2021. 
  8. «Eurovision 2021 odds: Italy overtakes France as favourite to win following running order reveal». wiwibloggs (engelsk). 21. mai 2021. Henta 21. mai 2021. 
  9. Salibian, Sandra; Salibian, Sandra (21. mai 2021). «Watch Out for Måneskin at This Year’s Eurovision Song Contest». WWD (engelsk). Henta 21. mai 2021. 
  10. «Eurovision 2021 odds: Italy's Måneskin remains favourite to win grand final». wiwibloggs (engelsk). 21. mai 2021. Henta 22. mai 2021. 
  11. «Eurovision 2021: Måneskin triumph for Italy in Rotterdam». the Guardian (engelsk). 22. mai 2021. Henta 6. juni 2021. 
  12. «Congratulations ITALY: Måneskin win Eurovision Song Contest 2021». Eurovision.tv (engelsk). 22. mai 2021. Henta 6. juni 2021. 
  13. «Results of the Grand Final of Rotterdam 2021 – Italia». Eurovision.tv (engelsk). Henta 6. juni 2021. 
  14. «I Maneskin trionfano a Eurovision 2021». la Repubblica (italiensk). 22. mai 2021. Henta 6. juni 2021. 
  15. Hagen, Knut-Øyvind (22. mai 2021). «Italia vant!». NRK (norsk bokmål). Henta 6. juni 2021. 
  16. «Damiano David: Eurovision winner cleared of drug use by broadcaster». BBC News (engelsk). 24. mai 2021. Henta 6. juni 2021. 
  17. Laffranchi, Andrea (24. mai 2021). «La storia di Damiano: da quando era "troppo pop" a cantante rock dei Maneskin». Corriere della Sera (italiensk). Henta 6. juni 2021. 
  18. Maffioletti, Chiara (23. mai 2021). «Måneskin, storia di una band che 5 anni fa non esisteva». Corriere della Sera (italiensk). Henta 6. juni 2021. 
  19. «Måneskin – Zitti e buoni». austriancharts.at. Das österreichische Hitparaden- und Musik-Portal. Henta 6. juni 2021. 
  20. «Måneskin - Zitti e buoni». ultratop.be. Henta 30. mai 2021. 
  21. «Måneskin – Zitti e buoni». Ultratop Wallonia. Henta 6. juni 2021. 
  22. «Track Top-40». Hitlisten.NU. 2. juni 2021. Henta 6. juni 2021. 
  23. «Euro Digital Song Sales Chart – the week of June 5, 2021». Billboard. 3. juni 2021. Henta 6. juni 2021. 
  24. Suomen Virallinen Lista. «Zitti e buoni». Musiikkituottajat (finsk). Henta 19. juni 2021. 
  25. «Top Singles – Semaine du 4 juin 2021». SNEP (fransk). 4. juni 2021. Henta 19. juni 2021. 
  26. «Billboard Global 200 Chart – the week of June 12, 2021». Billboard. Billboard. 12. juni 2021. Henta 19. juni 2021. 
  27. «Official IFPI Charts – Digital Singles Chart (International) – Week: 20/2021». IFPI Greece. Arkivert frå originalen 2021-05-31. Henta 31. mai 2021. 
  28. «Official Irish Singles Chart Top 50 | Official Charts Company». www.officialcharts.com (engelsk). Henta 28. mai 2021. 
  29. «TÓNLISTINN – LÖG vika 21–2021» (islandsk). Tónlistinn Plötutíðindi. 31. mai 2021. Arkivert frå originalen . Henta 6. juni 2021. 
  30. «Israeli Airplay Chart – week 22, 2021». Media Forest. 30. mai 2021. Henta 6. juni 2021. 
  31. «Classifica settimanale WK 10 – (dal 05.03.2021 al 11.03.2021)» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. Henta 7. mars 2021. 
  32. «ARC 100 - datum: 7. lipnja 2021.». radio.hrt.hr (kroatisk). 7. juni 2021. Henta 19. juni 2021. 
  33. «Latvijas Top 40». pieci.lv. Latvijas Radio. 13. juni 2021. Arkivert frå originalen . Henta 19. juni 2021. 
  34. «2021 21-os SAVAITĖS (gegužės 21-27 d.) SINGLŲ TOP100.». Agata (litauisk). 28. mai 2021. Henta 29. mai 2021. 
  35. «Måneskin – Zitti E Buoni». Top40.nl (nederlandsk). Stichting Nederlandse Top 40. 12. juni 2021. Henta 19. juni 2021. 
  36. «Zitti e buoni». dutchcharts.nl. Dutch Charts - dutchcharts.nl. Henta 29. mai 2021. 
  37. «The Official New Zealand Music Chart». THE OFFICIAL NZ MUSIC CHART (engelsk). Henta 29. mai 2021. 
  38. «VG-lista uke 21-2021». VG-lista. VG/IFPI Norge. 28. mai 2021. Henta 6. juni 2021. 
  39. «portuguesecharts.com - Zitti e buoni». portuguesecharts.com. Portuguese charts portal. 1. juni 2021. Henta 6. juni 2021. 
  40. «ČNS IFPI – SK Singles Digital Top 100, Maneskin Zitti e buoni, Sony Music». hitparada.ifpicr.cz. Henta 6. juni 2021. 
  41. «SloTop50 | Tedenska lestvica največkrat zavrtenih skladb». www.slotop50.si. 31. mai 2021. Henta 6. juni 2021. 
  42. Música, El portal de. «ZITTI E BUONI - Måneskin | EPDM» (engelsk). Henta 6. juni 2021. 
  43. «zitti e buoni | full Official Chart History | Official Charts Company». www.officialcharts.com (engelsk). Henta 29. mai 2021. 
  44. «Måneskin - Zitti e buoni - hitparade.ch». swisscharts.com. Hitparade.ch. Henta 6. juni 2021. 
  45. «Veckolista Singlar,vecka 21». Sverigetopplistan. Henta 28. mai 2021. 
  46. «ČNS IFPI». hitparada.ifpicr.cz. IFPI Tsjekkia. 31. mai 2021. Henta 6. juni 2021. 
  47. «Måneskin – Zitti e buoni – Single». www.offiziellecharts.de. Offizielle Deutsche Charts. 28. mai 2021. Henta 28. mai 2021. 
  48. «Ukraine Radio & YouTube – Top Week Hits – Tophit Music Charts». TopHit. 3. juni 2021. Henta 19. juni 2021. 
  49. «Stream Top 40 slágerlista – 2021-22». slagerlistak.hu. Hivatalos magyar slágerlisták. 6. juni 2021. Henta 19. juni 2021. 
  50. «Hot Hard Rock Songs Chart – the week of June 19, 2021». Billboard. 19. juni 2021. Henta 19. juni 2021. 
  51. «World Digital Song Sales Chart – the week of June 5, 2021». Billboard. Henta 6. juni 2021. 
  52. «Certificazioni – FIMI». www.fimi.it (italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. 18. mai 2021. Henta 6. juni 2021.  Velg «2021» i nedtrekksmenyen «Anno». Velg «Zitti e Buoni» i feltet «Filtra». Velg så «Singoli» under «Sezione».
  53. «IFPI Charts». www.ifpi.gr. IFPI Greece. 6. juni 2021. Arkivert frå originalen . Henta 19. juni 2021. 
  54. «Veckolista Singlar, vecka 24». Sverigetopplistan (svensk). Henta 19. juni 2021. 
  55. «MÅNESKIN "Zitti e buoni" | (Radio Date: 03/03/2021)». radiodate.it. Henta 7. mars 2021. 
  56. «Zitti e buoni». Deezer. Henta 7. mars 2021.