Zjombolok
Hopp til navigering
Hopp til søk
Zjombolok | |||
elv | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Lengd | 60 km | ||
Middelvassføring | 20 m³/s | ||
Kjelde | Aust-Sajan | ||
Munning | Oka | ||
![]() Zjombolok | |||
Wikimedia Commons: Zjombolok | |||
Zjombolok (russisk Жомболок) er ei elv i Burjatia i Russland og ei av sideelvane til Oka frå venstre.
Elva spring ut frå Aust-Sajan og renn først gjennom ein trong dal mot sørvest før ho snur nordaustover. Ved innsjøen Olon-Noor vert dalen som elva renn gjennom 800 til 1000 meter brei og lenger nede 1500-2000 meter brei. Sjølve elva er 10-12 meter brei, men stundom renn ho gjennom trongare passasjar som berre er fem meter breie. Om sommaren held vasstemperaturen 8-10 °C.
Zjombolok munnar ut i Oka om lag 60 km frå landsbyen Orlik.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Жомболок» frå Wikipedia på russisk, den 22. oktober 2008.