Zlata Ognevitsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Zlata Ognevitsj
Zlata Ohnevytj, ESC2013 press conference 08 (crop).jpg
Fødd12. januar 1986
FødestadMurmansk i Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken i Sovjetunionen (no Murmansk i Russland)
FødenamnInna Leonidivna Bordyuh
AliasZlata Ognevitsj
OpphavSovjetunionen, Russland, Ukraina
Stemmetypesopran

Zlata Ognevitsj (fødd Inna Leonidivna Bordyuh12. januar 1986 i Murmansk) er ein russisk-ukrainsk-serbisk songar. Ho vaks opp i SudakKrimhalvøya, og har ukrainsk-serbisk far.[1]

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Evrobachennya 2010 - Natsionalyni vidbir[endre | endre wikiteksten]

I 2010 valte opphavleg Natsionalna Telekompaniya Ukrayiny ut artisten som skulle representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2010 i Bærum i Noreg internt, med ein nasjonal uttaking der ein kunne røyste på fem songar. Ei veke før fristen for å levere eit bidrag til Den europeiske kringkastingsunionen gjekk ut, valte kringkastaren å halde ein ny uttaking. Ognevitsj deltok med singelen «Tiny Island» i Evrobachennya 2010 - Natsionalyni vidbir. Songen er skriven av Mikhail Nekrasov og Y. Matyushenko, og vart framførd på engelsk. Bidraget enda på femteplass med 30 poeng.

Evrobachennya 2011 - Natsionalyni vidbir[endre | endre wikiteksten]

Etter femteplassen førre år deltok Ognevitsj att i Evrobachennya 2011 - Natsionalyni vidbir, den ukrainske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland. Ho deltok med singelen «The Kukushka» i fjerde runde, og gjekk vidare til den fyrste semifinalen. Frå semifinalen gjekk ho vidare til finalen, der bidraget enda på andreplass med 18,40 prosent av røystene. På grunn av mistankar om fusk vart det arrangert ein ny uttaking, men Ognevitsj trekte seg av di ho skulle delta på eit anna fjernsynsprogram same dag som den nye uttakinga.

Evrobachennya 2013 - Natsionalyni vidbir[endre | endre wikiteksten]

I Evrobachennya 2013 - Natsionalyni vidbir, den ukrainske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, deltok ho med singelen «Gravity». Songen er skriven av Mikhail Nekrasov og Karen Kavaleryan, og vart framførd på engelsk. Bidraget vann med 40 poeng.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

Zlata Ognevitsj i armane til Igor Vovkovinskiy.

Etter sigeren i Evrobachennya 2013 - Natsionalyni vidbir vart det klårt at «Gravity», framførd av Ognevitsj og skriven av Nekrasov og Kaveleryan, ville representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2013. Bidraget gjekk vidare frå den fyrste semifinalen, der det enda på tredjeplass med 140 poeng; tolv frå Slovenia, Montenegro, Litauen, Kviterussland, Moldova, Kypros og Italia, åtte frå Danmark og Belgia, sju frå Kroatia og Russland, seks frå Estland, fem frå Serbia, to frå Austerrike, Irland og Storbritannia og eitt frå Sverige. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på tredjeplass med ei rangering på 3,94 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på fjerdeplass med ei rangering på 5,16. Desse resultata gjeld berre om berre juryane og berre fjernsynssjåarane i alle deltakarlanda hadde røysta, men resultata er likevel upresist av di det ikkje er offentleggjort kor mange røyster kvart land fekk frå juryen og sjåarane.[2] Landet kvalifiserte seg til finalen der dei enda på tredjeplass med 214 poeng; tolv frå Moldova, Kviterussland, Armenia, Aserbajdsjan og Kroatia, ti frå Litauen, Spania, Estland, Malta, Kypros, Serbia, Bulgaria og Israel, åtte frå Belgia, Hellas, Georgia og Irland, sju frå Ungarn og Latvia, fem frå Nederland, Storbritannia og Italia, fire frå Romania, tre frå Danmark og Island og eitt frå Russland, Noreg og Austerrike. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget andreplass med ei rangering på 5,66 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på sjetteplass med ei rangering på 8,74.[2]

Med seg på scena hadde Ognevitsj Igor Vovkovinskiy, den høgste levande personen i USA, som spelte ei rolle som fantasikjempe.[3] På scena var òg dei fire støttevokalistene Ann Bailey, Holly Petrie, Cleveland Watkiss og Dasha Mineeva.[3]

Junior Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

Saman med Timur Miroshnychenko var Ognevitsj programleiar for Junior Eurovision Song Contest 2013 i Kiev i Ukraina.[4] I tillegg framførde Ognevitjs «Gravity» samt nokre nyare songar.[5][6]

Evrobachennya 2014 - Natsionalyni vidbir[endre | endre wikiteksten]

Ognevitsj hadde ein gjesteopptreden under Evrobachennya 2014 - Natsionalyni vidbir, den ukrainske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark.[7][8]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Злата ОГНЄВІЧ: «Я зі свічкою біля Міки Ньютон не стояла...» Zlata OHNYEVICH "I with a candle next to Mika Newton was not ...", Vysoky Zamok (7. juni 2011)
  2. 2,0 2,1 Eurovision Team (28. mai 2013). «Split results of Eurovision 2013 revealed» (engelsk). Henta 15. april 2014. 
  3. 3,0 3,1 Jiandani (6. mai 2013). «Ukraine: Zlata pleased and confident after her 1st rehearsal» (engelsk). Esctoday.com. Henta 15. april 2014. 
  4. Lockett (30. september 2013). «Meet the hosts of Junior Eurovision 2013: Zlata and Timur!» (engelsk). Junioreurovision.tv. Henta 15. april 2014. 
  5. Siim (15. november 2013). «Emmelie de Forest to perform at Junior 2013» (engelsk). Eurovision.tv. Henta 15. april 2014. 
  6. Grager (14. november 2013). «Kiev’13: Emmelie De Forest, Ruslana & Anastasia Petryk» (engelsk). Eurovoix. Henta 15. april 2014. 
  7. «НТКУ та НРКУ транслюватимуть у прямому ефірі фінал національного відбору на «Євробачення-2014»» (ukrainsk). Telekritika. 20. desember 2013. Henta 15. april 2014. 
  8. Omelyanchuk (21. desember 2013). «Maria Yaremchuk is the Ukrainian winner!» (engelsk). Eurovision.tv. Henta 15. april 2014. 

Mal:Ukrainske deltakarar i Eurovision Song Contest