Zográfou
Utsjånad
| Zográfou Lokalt namn Ζωγράφου | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Aten |
| Koordinatar | 37°59′N 23°46′E / 37.983°N 23.767°E |
| Areal | 8,52 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining | Attikí Sentral-Aten |
| Hovudsete | Zográfou (69 874 innb.) |
| Demografi | |
| Folketal | 69 874 (2021[1]) |
| Folketettleik | 8201 /km² |
Zográfou (gresk Ζωγράφου) er ein kommune i dei austlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer administrativt til periferieininga Sentral-Aten i periferien Attikí.[2]
Zográfou ligg om lag 5 km frå sentrum av Aten. Ei gate i bydelen er kalla opp etter Olof Palme.
Området bestod tidlegare av jordbruksområde og noko skog, men på midten av 1900-talet vart det kraftig urbanisert og i dag er det stort sett berre bustad- og kontorbygningar igjen, bortsett frå dei nordaustlege områda. Noko skog finn ein i sør, søraust og i aust, og ein liten park ligg i nord.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
- Denne artikkelen bygger på «Zografou» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2007.