Zolotoj Rog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vladivostok og Zolotoy Rog sett frå rommet.

Zolotoj Rog (russisk Золотой Рог, 'Det gylne hornet') er ei verna hornforma bukta lengst aust i Russland. Mellom Peter den store-bukta og Japanhavet ligg Sjkotahalvøya i nordvest, Kapp Goldobina i nordaust og Kapp Tigrovij i vest. Bukta er om lag sju kilometer lang og om lag to kilometer brei. Djupet varierer frå 20 til 27 meter. Hamnebyen Vladivostok ligg i åsane inst i bukta.

Fram til midten av 1800-talet vart bukta kalla Gamatbukta av kinesarane. Det første europeiske skipet som ein kjenner til ankra i bukta var eit fransk kvalskip i 1852. Under Krimkrigen vitja det britiske skipet «Winchester» bukta medan dei leita etter skvadronen til Vasilij Zavojko. Dei britiske sjømennene kalla bukta Port May. I 1859, gav grev Nikolaj Muravjov-Amurskij bukta det noverande namnet som tyder Det gylne hornet på russisk fordi ho hadde liknande form som eit horn som hamna i Istanbul.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 43°06′30″N 131°53′55″E