Zombi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Statistar som spelar zombiar, «levande døde», i Brian Clement sin skrekkfilm Meat Market 3 frå 2006.

Zombi er i følgje afro-karibisk voodoo-kult ein «levande død», det vil seie ein død kropp som er gjenoppliva av ei overnaturleg kraft. Zombi-førestillinga kjem frå Haiti, der folketrua påstår at ein trollmann (bokor) kan gjere personar til viljelause reiskapar gjennom svart magi. I følgje enkelte forskarar skal offera ha vorte dømde hemmelege bonderåd og gjeve lammande gift. Dei dømde har dermed vorte feilaktig erklært døde og gravlagd, for så å verte grave opp att og utnytta som apatiske slavar. Mange tviler likevel på at desse sogene er sanne.

Zombi-førestillinga har inspirert fleire forfattarar og filmskaparar, og zombiar er skildra i mange skrekkfilmar, teikneseriar, dataspel og andre populærkulturelle sjangrar.

Ordet zombi skal kome frå nzambi, som på kikongo tyder «ånda til ein død person». På norsk kan ordet i overført tyding òg nyttast om ein sløv, robotaktig person eller om eit gjenferd.

Zombiar i film[endre | endre wikiteksten]

Den svensk-amerikanske filmskodespelaren Tor Johnson som zombi i kultkalkunen Plan 9 from Outer Space frå 1959
Den amerikanske lågbudsjettfilmen Night of the Living Dead frå 1968 er vorte ein kultklassikar i skrekkfilm-sjangeren. Filmen handlar om «levande døde» zombiar som er ute etter menneskekjøt.
Det vart sett verdsrekord med 894 deltakarar i ein såkalla «zombi-marsj» (Zombie Walk) for utkledde film-tilhengjarar i Pittsburgh i USA hausten 2006.

I skrekkfilmar vert zombiar gjerne framstilt som halvråtne og kan mangle lemmer eller andre kroppsdelar. De flyttar seg stivt og hakkete, er apatiske, sløve og likegyldige utan annan vilje enn å drepe andre menneske. Dei opptrer ikkje sjeldan i flokk og kan «marsjere» i store mengder mot offera. I nyare filmar har zombiar vorte framstilt som raskarar og smartarar for å skape fart og spenning. Zombiar må ofte «drepast» (for godt) ved å stanse aktiviteten i hjernen eller forhindre hjernen frå å sende signal til kroppen. Ein vanleg metode for å få til dette i filma, bøker og spel er ofte å kutte av eller skyte dei i hovudet.

Det er laget mange zombifilmar gjennom filmhistoria. Her er eit lite utval:

Det er ikkje alltid zombi-filmar berre dreiar seg skrekk. Personar som George Romero nyttar zombiane for å få fram ein metafor, for å vise den verkelege faren. Slik som i Night of the Living Dead, der zombiane mellom anna vert nytta for å vise kor dårleg menneske samarbeider i slike stunder.

Zombiar i data- og videospel[endre | endre wikiteksten]

I spel som Resident Evil er det ein sjukdom som vekker dei døde eller snarare forvandlar levande menneske til zombiar. Også i TimeSplitters-trilogien medverkar zombiar aktivt. I dette spelet medverkar dei i mange forskjellige roller.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]