Zombie Birdhouse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Zombie Birdhouse
Studioalbum av Iggy Pop
Utgjeve September 1982
Innspelt Juni 1982
Studio Blank Tape Studios i New York City i USA
Sjanger
Lengd 42:08
Selskap Animal Records
Produsent Chris Stein
Iggy Pop-kronologi
Party
(1981)
Zombie Birdhouse Blah-Blah-Blah
(1986)


Zombie Birdhouse er det sjuande studioalbumet til den amerikanske rockesongaren Iggy Pop. Det kom ut i september 1982 på selskapet Animal.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Zombie Birdhouse vart spelt på ein 16-bandsopptakar i juni 1982 i Blank Tape Studios i New York City. Chris Stein frå Blondie spelte gitar på albumet og fungerte som produsent. Clem Burke, eit anna medlem av Blondie, spelte trommer.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet kmo ut i september 1982 på vinyl på Animal Records.

I 1991 vart albumet nymastra med Mick Reese og eitt bonusspor, «Pain and Suffering», frå dei orignale innspelingane i Blank Tape Studio. Songen vart nytta i filmen Rock & Rule i 1983.

I 2003 kom enno i nymastring med ein ekstra CD med konsertopptak frå 28. oktober 1982 i Masonic Temple Theater i Toronto, under Breaking Point-turneen til Iggy Pop.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Rolling Stone3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[2]
Sounds3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]

Zombie Birdhouse fekk blanda kritikk frå kritikarane. Parke Puterbaugh i Rolling Stone kalla albumet «ei smart samling med meir djupne enn ein kunne ha venta frå forfattaren av 'I Wanna Be Your Dog'.»[2]

I ei seinare melding skreiv Mark Deming for AllMusic «dessverre var ikkje Iggy sjølv situasjonen vaksen her. Tekstane han er ofte ei bisarr blanding av fri assosiasjon utan klårt fokus, og ein føler at Stein hadde for stor respekt for Iggy til å tørre å sei i frå når Iggy song surt. Til sjuande og sist er albumet mislukka, men det er likevel eit av dei mest interessante og ambisiøse fiaskoane i karrieren til Iggy».[1]

Musikalsk stil[endre | endre wikiteksten]

Charlotte Robinson frå PopMatters skriv at «Zombie Birdhouse har nådd nesten legendarisk status fordi det er så merkeleg», og at det er «fullt av bordune synthesizerar, Afro-aktige rytmar og pseudo-poetiske, fri-assosiative tekstar». Ho skreiv òg at albumet «markerte slutte på ei spanande og eksperimentell, om enn ujamn periode i karrieren til Pop.»[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Iggy Pop og Rob Duprey, utanom «Ordinary Bummer» og «Street Crazies», skriven av Pop. 

Side A
# Tittel Lengd
1. «Run Like a Villain»   3:00
2. «The Villagers»   3:46
3. «Angry Hills»   2:55
4. «Life of Work»   3:44
5. «The Ballad of Cookie McBride»   2:58
6. «Ordinary Bummer»   2:40
Side B
# Tittel Lengd
1. «Eat or Be Eaten»   3:14
2. «Bulldozer»   2:16
3. «Platonic»   2:39
4. «The Horse Song»   2:57
5. «Watching the News»   4:10
6. «Street Crazies»   3:53
Bonusspor på nyutgjeving frå 1991
# Tittel Lengd
13. «Pain & Suffering»   3:39

Alle songar er skrivne av Iggy Pop og Rob Duprey, utanom der andre er nemnde. 

Bonusplate på 2003-utgåva
# Tittel Lengd
1. «The Villagers»   3:59
2. «Fall in Love with Me»   3:06
3. «Ordinary Bummer»   3:04
4. «The Horse Song»   2:26
5. «Angry Hills»   3:02
6. «Bulldozer»   2:20
7. «The Ballad of Cookie McBride»   3:47
8. «Platonic»   2:41
9. «Life of Work»   3:56
10. «Kill City»   2:36
11. «Loose»   2:52
12. «Search and Destroy»   3:05
13. «Run Like a Villain»   3:34
14. «Bang Bang»   3:37
15. «Your Pretty Face Is Going to Hell»   3:16
16. «Eat or Be Eaten»   3:44
17. «Sixteen»   3:00
18. «Street Crazies»   3:35

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Iggy Pop – vokal
  • Rob Duprey – gitar, klaverinstrument, korvokal
  • Chris Stein – bass på A5, A6, B2, B3, B6, kunstnarisk leiar
  • Clem Burke – trommer, perkusjon

Teknisk

  • Joe Arlotta - lydteknikar
  • Butch Jones - miksing
  • Esther Friedman - fotografi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Deming, Mark. «Zombie Birdhouse – Iggy Pop | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». AllMusic. Henta 7. mai 2018. 
  2. 2,0 2,1 Puterbaugh, Parke (11. november 1982). «[Zombie Birdhouse review]». Rolling Stone. Henta 7. mai 2018. 
  3. Robertson, Sandy (25. september 1982). «Iggy Pop: Zombie Birdhouse (Animal Records/Chrysalis) ***». Sounds. Henta 7. mai 2018. 
  4. Robinson, Charlotte. «The Weird Trilogy: Iggy Pop's Arista Recordings | PopMatters». PopMatters. Henta 7. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]