Zona austral

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Zona austral (austral-sona) er ein av dei fem naturlege regionane som Corporación de Fomento de la Producción i Chile delte det kontinentale Chile inn i i 1950. Austral-sona svarar til Palena-provinsen av Los Lagos-regionen og dei sørlegaste regionane, Aysén-regionen og Magallanes-regionen. Dette er òg rekna som den chilenske delen av Patagonia. Den naturlege regionen Zona sur ligg i nord, Stillehavet og Drakesundet i sør og vest, og Andesfjella og Argentina i aust.

Austral-sona er ein fjellrik region som strekkjer seg frå Ancudbukta-Corcovadobukta til Kapp Horn, der Andesfjella og Sør-Stillehavet møtest. Den sterkt opprevne kystlinja er fylt med øyar som bevarer det generelle omrisset av kontinentet sørover til Fuegian-øygruppa, dei ytre øygruppene dannar ei fortsetjing av dei chilenske kystfjella. Området er prega av store og kontinuerlege nedbørsmengder i heile regionen, noko som gir opphav til mange elver og innsjøar. Den sørlege delen av regionen er fjellrik, kald, våt og ugjestmild, med den evigvarande snøgrensa som søkk til 1000 til 1200 meter over havet. Andesfjella i Storøya i Eldlandet er danna av krystallinske skifer og kulminerer i dei snødekte toppane av Monte Darwin og Monte Sarmiento i Cordillera Darwin, som inneheld isbrear av større utstrekking enn dei på Mont Blanc. Omfang av isbrear er stort i denne regionen, og meir kompleks enn det ein tidlegare har gått ut frå. I den utforska delen av Fuegian-kjeda er det ikkje funne vulkanar, men det ser ut til å ha eksistert i sør der mange nyvulkaniske bergartar er funne på øyane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]