Zongdu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shang Kexi, zongdu av Guangdong, teikna av Johan Nieuhof i 1655.

Zongdu (forenkla kinesisk 总督, tradisjonell kinesisk 總督, pinyin zǒngdū, Wade–Giles tsung3-tu1; mandsjuisk uheri kadalara amban) var eit embete under Ming- og Qing-dynastiet i Kina. Zongduen var høgstkommanderande for visse provinsar, i ei stilling som tilsvarte europeisk visekonge.

Områda som blei styrte av zongduar av Zhili, Liangjiang, Min-Zhe, Huguang, Shaan-Gan, Liangguang, Yun-Gui, Sichuan og Dei tre nordaustprovinsane. Det fanst også spesielle zongduar for visse felt, som zongduen av dei sørlege elvene og zongduen av dei austlege elvene.

Den mektigaste zongduen var zongduen av Zhili (Chihli), ettersom dette området også dekkja hovudstaden i keisarriket. Yuan Shikai, seinare president av Republikken Kina, hadde dette embetet.

Tittelen blei også bruk av Japan då riket koloniserte Korea og Taiwan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • China, Encyclopædia Britannica

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Mayers, William Frederick. The Chinese Government: A Manual of Chinese Titles, Categorically Arranged and Explained, with an Appendix. 3rd edition revised by G.M.H. Playfair ed. Shanghai: Kelly & Walsh, 1897; reprint, Taibei: Ch'eng-Wen Pub. Co., 1966.