Zoning av Tangerine Dream

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zoning
Filmmusikkalbum av Tangerine Dream
Utgjeve 1996
Innspelt 1994 i Eastgate Studios i Wien
Sjanger Elektronisk musikk, ambient
Lengd 60:51
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
The Dream Mixes
(1995)
Zoning Goblins' Club
(1996)


Zoning er det 53. albumet og det 21. filmmusikkalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i 1996.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Tangerine Dream hadde skrive musikk for den tyske thrilleren Zoning i 1986-1987, og han var berre blitt vist på TV nokre få gonger. Tidleg i 1996 kom filmen ut på video i lag med eit filmmusikkalbum på CD. Edgar Froese hadde spelt inn og miksa all musikken på nytt i 1994, åtte år etter Tangerine Dream hadde laga den originale musikken til filmen. Musikken på albumet er derfor ganske forskjellig frå den originale filmmusikken frå 1987.

Den musikalske stilen liknar på tidlegare ikkje-utgjeven musikk frå Froese-albumet Beyond the Storm, og sporet «Eyewitness News» på Zoning er henta frå Beyond the Storm, der han hadde tittelen «Descent Like a Hawk».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«The Conspiracy»5:54
2.«Skyscraper»4:18
3.«Headhunter»4:11
4.«Downtown Chicago»4:28
5.«Fading and Turning»3:13
6.«Affluent Society»3:07
7.«Stairway Affair»5:29
8.«Good Choice, Bad Timing»4:22
9.«Bachelor of Crime»5:15
10.«Unfit for Consumption»5:23
11.«Days of Grief and Glory»5:05
12.«Eyewitness News»5:14
13.«Missing Link»4:52

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]