Zorgdragerfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Zorgdragerfjorden er ein fjord på nordsida av NordaustlandetSvalbard. Han strekkjer seg om lag 11 km sørover på Platenhalvøya. Fjorden er kalla opp etter den nederlandske kvalfangarkapteinen Cornelis Gisbertsz Zorgdrager.

Fjorden har innløp mellom Kapp Wrede i vest og Kapp Platen i aust. Vest for Kapp Wrede ligg Rijpfjorden, medan Duvefjorden ligg aust for Kapp Platen.