Hopp til innhald

Zumba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zumbatrening.
Verdsrekordforsøk i zumbadans i Bydgoszcz i 2013.

Zumba er ei treningsform basert på aerobic og dans utført til latinamerikansk musikk. Ho blei skapt på 1990-talet av Alberto «Beto» Perez.[1] Namnet «zumba» har inga spesiell tyding, men blei vald tilfeldig som eit merkevarenamn. Det har Zumba Fitness, LLC som eigar.[2]

Beto Perez grunnla zumba ved eit tilfelle på 1990-talet, då han arbeidde som aerobicinstruktør i Colombia. Ein dag hadde han gløymd å ta med seg den vanlege musikken til ein time, og brukte i staden musikk han tilfeldigvis hadde i bilen - hovudsakleg latinamerikansk musikk - som han improviserte trinn til. Etter å ha oppnådd suksess i Colombia flytta han til Miami og grunnla eit zumbaselskap med Alberto Perlman og Alberto Aghion. Dei selde intruksjonsvideoar og byrja å trena instruktørar. Selskapet selde også zumbamerka produkt, som klede, og gav instruktørar tilgang til eit zumbanettverk.[3]

Målet for alle zumba-treningsøkter er å røra seg raskt og ha det morosamt. Deltakarane vert oppfordra til å riste på hoftene, sleppe seg laus i dei latinske rytmane, og late som om dei er på fest.[4] Alle kan delta på zumba, og ein stiller ingen krav til form.[4] Programmet omfattar latinske rytmar med enkle dansetrinn, som omfattar intervall og motstandstrening. Dansetrinna er lånte frå cumbia, merengue, salsa, reggaeton,[5] samba og flamenco.

Zumba er også vorte populært i Noreg og vert tilbydd på mange treningssenter.[6][5][7][8]

  1. Janice Lloyd, «Zumba brings the dance party into the health club» Arkivert 2011-10-29 ved Wayback Machine., USA Today, 10. oktober 2011
  2. «Zumba Fitness Trademark Usage & Zumba Logo Guide - Zumba.com». 
  3. Issie Lapowsky (26. mai 2010). «Zumba Turns Dancers Into Entrepreneurs». Inc.com. Arkivert frå originalen 24. januar 2021. Henta 22. mai 2016. 
  4. 4,0 4,1 Helmer, Jodi; Rosen, Peg, «Zumba: Benefits and What to Expect», WebMD (på engelsk), henta 26. januar 2025 
  5. 5,0 5,1 «Zumba på 3T - Fengende musikk med faste, enkle dansetrinn.», 3t.no (på norsk), henta 26. januar 2025 
  6. «Delta på gruppetime: Zumba - SATS - SATS», www.sats.no (på norsk), henta 26. januar 2025 
  7. Zumba – Aura Fitness (på engelsk), henta 26. januar 2025 
  8. «Zumba®», Actic Norge (på norsk bokmål), henta 26. januar 2025