Zumbo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zumbo
by
Land  Mosambik
Provins Tete-provinsen
Distrikt Zumbo
Folketal 33 000  (2005)
Kart
Zumbo
15°36′53″S 30°26′38″E / 15.614833333333°S 30.444°E / -15.614833333333; 30.444

Zumbo er den vestlegaste byen i Mosambik. Han ligg på nordaustbreidda av Zambezielva der ho møter sideelva Luangwa. Zumbo er ein grenseby med Luangwa i Zambia og Kanyemba i Zimbabwe like ved. I 2005 hadde byen om lag 33 000 innbyggjarar.

Zumbo blei grunnlagd som ein portugisisk handelsstad i 1714 eller 1715. Gull og elfenbein var viktige handelsvarer, og byen voks kraftig, til han blei ein av dei største europeiske busetnadane i denne delen av Afrika. Også mange indarar busette seg her. I 1764 fekk han bystatus. Men frå midten av 176o-talet byrja ein tilbakegang for byen på grunn av endra økonomiske høve og tørke. Lokale konfliktar førte til at Zumbo blei raida i 1779 og måtte byggast opp att med festningsmurar. Staden blei også avskoren frå dagens Zambia og Zimbabwe ac dei britiske koloniane Nord- og Sør-Rhodesia.

Under den mosambikiske sjølvstendekrigen og borgarkrigen var Zumbo strategisk viktig, og såg både geriljakriging og minelegging. Byen blei delvis øydelagd av krig, og låg ei stund forlaten.

Cahora Bassa-demningen blei laga nær byen på 1970-talet, og dannar ein innsjø. Elvane og sjøen blri brukt til fiske. Grensehandel og smugling er andre viktige næringskjelder. Nær Zumbo finst små kolgruver, og ein dyrker avlingar som ris, kassava og bønner i området.

Zumbo fekk eige sjukehus i 2012.[1] Vegsambandet med resten av Mosambik er dårleg, og mykje transport skjer med båt frå Songo ved Cahora Bassa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mozambique: New Hospital Reduces Zumbo's Dependence On Zambia», Agencia de Informacao de Mocambique (Maputo), Allafrica.com (27 November 2012).