Zurab Khizanisjvili
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 6. oktober 1981 | ||
Fødestad | Tbilisi | ||
Høgd | 185 cm | ||
Posisjon | Forsvarsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Kayserispor | ||
Nummer | 6 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1998-99 1999-2000 2000-01 2001-03 2003-06 2005-06 2006-11 2009 2010-11 2011- |
Dinamo Tbilisi FK Tbilisi L. Tbilisi Dundee Rangers Blackburn (lån) Blackburn Newcastle (lån) Reading (lån) Kayserispor |
2 (1) 9 (0) 16 (1) 43 (0) 42 (0) 26 (1) 36 (0) 7 (0) 39 (0) 0 (0) | |
Landslag | |||
1999- | Georgia | 74 (1) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 25. april 2010 |
Zurab Khizanisjvili, georgisk ზურაბ ხიზანიშვილი (fødd 6. oktober 1981 i Tbilisi i Georgia) er ein georgisk fotballspelar som i 2011/12-sesongen spela i forsvar for Kayserispor i den tyrkiske fotballigaen, og for Georgia sitt landslag.
Khizanisjvili spelte for fleire klubbar i heimbyen Tbilisi, før han i 2001 drog til skotsk fotball og eliteserieklubben Dundee FC. I 2003 gjekk han til toppklubben Rangers. Han vart seriemeister i Skottland med Rangers i 2004/05-sesongen, men spelte berre 16 seriekampar den sesongen. Sommaren 2005 drog han til Blackburn Rovers i engelsk Premier League. Han spelte dei fleste seriekampane i den første sesongen sin der, og rundt halvparten av kampane neste sesong, men hadde større og større problem med å komma på førstelaget. I 2009 gjekk han på lån i tre månader til Newcastle United i nest høgste divisjon, og då den låneperioden gjekk ut, gjekk han til Reading i januar 2010. Låneperioden vart forlenga i august 2010 til heile 2010/11-sesongen.
Khizanisjvili debuterte for Georgia sitt A-landslag i 1999. Han skåra det første landslagsmålet sitt 6. juni 2009 i ein privatlandskamp mot Moldova.