Zurab Noghaideli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Zurab Noghaideli

Zurab Noghaideli (georgisk ზურაბ ნოღაიდელი), fødd 22. oktober 1964 i Kobuleti i Adsjaria, er ein georgisk politikar, og var statsminister i Georgia frå 11. februar 2005 til 16. november 2007.

Noghaideli oppnådde ein grad i fysikk ved Statsuniversitetet i Moskva i 1988. Frå 1989 til 1990 var han ved det estiske vitskapsakademiet. Tidleg i 1990-åra vart han aktivt medlem i Det grønne partiet i Georgia. Han vart vald inn i parlamentet i 1992. Frå 2000 til 2002 var han finansminister under president Eduard Sjevardnadze, men han rauk etterkvart uklar med han, og fekk sparken i 2002. Etter at Sjevardnadze vart styrta i den fredelege «roserevolusjonen» i november 2003 vende Noghaideli attende til regjeringa. I februar 2004 vart han igjen finansminister. Då statsminister Zurab Zjvania brått døydde i ei ulukke i februar 2005 nominerte president Mikheil Saakasjvili Noghaideli som ny statsminister. Han vart godkjend av nasjonalforsamlinga med 175 mot 24 røyster den 17. februar.

16. november 2007 gjekk han av som statsminister av helsemessige grunnar. Han hadde gått gjennom ein hjarteoperasjon i april same året. Han trekte seg deretter frå politikken.

Noghaideli er no ikkje medlem av noko politisk parti. Han er gift og har eitt born.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]