Zürich

Koordinatar: 47°22′0″N 8°33′0″E / 47.36667°N 8.55000°E / 47.36667; 8.55000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Zurich)
Zürich
Horisonten til Zürich
Horisonten til Zürich
Kommunevåpenet til Zürich
Kommunevåpenet til Zürich


Plassering
Zürich is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton kantonen Zürich
Distrikt Zürich
Språk tysk
Borgarmeister Corine Mauch
Geografi
Flatevidd
 - kommune

91,88 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

372 047
  4 049,3 /km²
Koordinatar 47°22′0″N 8°33′0″E / 47.36667°N 8.55000°E / 47.36667; 8.55000
Høgd over havet 408 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 8000–8099
Nettstad: www.stadt-zuerich.ch

Zürich er den største byen i Sveits og har 372 047 innbyggjarar (2010) og eit areal på 92 km². Han er hovudstad i kantonen Zürich, og er det viktigaste kommersielle senteret i Sveits. Zürich er ein leiande global by og eit av dei største finanssentera i verda.[1] I følgje undersøkingar frå 2006 til 2008 var Zürich den byen i verda med høgast levestandard, og den mest velståande byen i Europa.[2][3][4] Byen er eit trafikknutepunkt for vegar, jernbane og luftfart. Både lufthamna og jernbanestasjonen i byen er dei største og travlaste i landet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Utsyn over Zürich rundt 1884.

Zürich ligg i naturskjønne omgjevnader ved Zürichsjøen og elva Limmat. Byen ligg 408 moh., om lag 3 mil nord for Alpane, som ein kan sjå herfrå. På aust- og vestsida av byen ligg skogkledde åsar. Lindenhof er det historiske og geografiske senteret i byen; den har vore folkesett sidan steinalderen. Byen var lenge avgrensa av kanalen Schanzengraben. I dag strekkjer busetjinga seg utover i dalane Glatttal og Limmattal.

Kantonen Zürich har 1,22 millionar innbyggjarar - dei fleste av dei tysktalande og protestantiske - og eit areal på 1729 km². Storbyområdet kring Zürich har nesten to millionar innbyggjarar.[5]

Kart over Zürich frå 1581.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Zürich var opphavleg ei keltisk busetjing og hadde i romartida eit kastell som heitte Turicum. I høgmellomalderen låg det ei borg for dei tyske kongane og keisarane og i 1218 vart byen ein fri keisarby. I 1351 vart byen medlem av Det sveitsiske eidssambandet. I reformasjonstida var Zürich eit sentrum for protestantisme. Huldrych Zwingli innførte protestantisme her i 1523, og i åra som følgde vart bandet mellom kyrkja og styresmaktene i byen sterke.[6] Konflikt mellom protestantiske og katolske område førte til dei to Kapellerkrigane i 1529 og 1531. Under Trettiårskrigen blei det bygd ein ny sterk bymur rundt byen. Kostnadane til dette førte til store protestar frå landområda underlagt byen; desse blei slått ned.

I 1648 erklærte Zürich seg som republikk. Han hadde makt over store landområde og var den viktigaste bykantonen utanom Bern. Landdistrikta i kantonen Zürich var fram til den helvetiske revolusjonen i 1798 underlagt byen utan at innbyggjarane her hadde politiske rettar.[6] 1803-1805 blei Zürich og Zürich-kantonen skilde og eigedommane delte mellom dei. Frå 1830-åra vart dei fleste murane rundt byen rivne som eit symbol på tilnærminga mellom by og land. Motstand mot det radikale liberale styret i byen førte til ein reaksjonær oppstand den 6. september 1839, kjend som «Züriputsch».

I 1869 vart det innført ei demokratisk forfatning i byen. Børsen i Zürich vart skipa i 1877, og byen vart deretter eit viktig internasjonalt senter for finansvesen og industri. Før og under både første og andre verdskrigen vart byen tilfluktsstad for politiske flyktningar, særleg frå Tyskland og Russland.[6] Zürich såg kraftig økonomisk vekst i etterkrigsåra.

Grossmünster og rådhuset i Zürich.
Høghus i Zürich.

Næringsliv, utdanning og kultur[endre | endre wikiteksten]

Zürich har universitet, teknisk høgskole, finanssentrum og tekstil-, maskin- og grafisk industri. Fleire finansinstitusjonar og store bankar ligg i byen. Mange forskings- og utviklingssenter ligg òg i Zürich, og dei låge skattane trekkjer til seg mange utanlandske selskap som har hovudkvartera sine her.

Mange museum og kunstgalleri ligg i byen, som Det sveitsiske nasjonalmuseet, Kunsthaus, Centre Le Corbusier og Uhrenmuseum Beyer.[7] Schauspielhaus Zürich er eit av dei viktigaste teatera i den tysktalande verda.[8]

Gamlebyen i Zürich har fire viktige kyrkjer: Grossmünster frå 1100-talet, som var utgangspunktet for den sveitsiske reformasjonen; Fraumünster, eit tidlegare nonnekloster, St. Peter, som fekk den største urskiva i Europa i 1538 og Predigerkirche i romansk stil med eit høgt klokketårn i gotisk stil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. World's 10 Most Powerful Cities prlog.org. Vitja 19. mars 2012
  2. «2007 World-wide quality of living survey». Mercer. 2. april 2007. Henta 19. mars 2012. 
  3. «Mercer's 2008 Quality of Living survey highlights». Mercer. 10. juni 2008. Henta 19. mars 2012. 
  4. MercerQuality of Living global city rankings 2009 – Mercer survey, 28 April 2009
  5. The Zürich Metropolitan Areal: a motor for Europe Arkivert 2012-03-09 ved Wayback Machine., Stadt-zuerich.ch. Retrieved on 2010-03-10
  6. 6,0 6,1 6,2 Thorsnæs, Geir. «Zürich: by» (23. november 2012). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 8. januar 2015.
  7. Museums and galleries[daud lenkje] Zürich-relocation.ch. Henta 19. mars 2012
  8. Zürich Culture worldtravelguide.net. Henta 19. mars 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Zürich ved Wikisource.

Reiseguide for Zürich frå Wikivoyage