Zverobojøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plasseringa til Zverobojøyane i Karahavet.
Zverobojøyane i Pjasinabukta.

Zverobojøyane (russisk Остров Зверобой, Ostrov Zveroboj) er ei øygruppe som består av ei stor øy, Zverobojøya og eit par mindre øyar og holmar. Den største øya er 17 km lang. Dei er dekte av tundravegetajon og har ein innsjø.

Øyane ligg i Pjasinobukta i Karahavet, nordaust for Dikson, utanfor kysten av Sibir i Krasnojarsk kraj i Russland.

Havet omkring Zverobojøyane er dekt av pakkis med enkelte polynija om vinteren, og det er mykje isflak sjølv om sommaren.

Klimaet i området er arktisk med lange, bitre vintrar og ein kort varmare periode som akkurat gjer at isen får smelte.

Øyane er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Zveroboy Islands» frå Wikipedia på engelsk, den 14. august 2008.
  • Plassering
  • Dibner VD, Zakharov V.V. Острова Карского моря. Karahavet Islands. // Острова Советской Арктики. / / Soviet Arctic Islands. Геология СССР, т. XXVI. Geology of the USSR, so XXVI. М., Недра, 1970, с. M., Nedra, 1970, s. 196-207.
  • Naturreservat

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 74°16′N 85°32′E