Zvezda Po Imeni Solntse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Zvezda Po Imeni Solntse
Звезда по имени Солнце

Studioalbum av Kino
Utgjeve 1989
Sjanger Russisk rock
Lengd 39:05
Selskap Moroz
Kino-kronologi
Gruppa Krovi
(1988)
Zvezda Po Imeni Solntse
Звезда по имени Солнце
Tsjiornyj Albom
(1990)


Zvezda Po Imeni Solntse (Звезда По Имени Солнце eller 'Ei stjerne kalla sola') er eit album av det russiske rockebandet Kino frå 1989. Alle songane er skrive av frontfiguren Viktor Tsoj, som på denne tida var ekstremt populær i Sovjetunionen. Tekstane er stort sett personlege og handlar ofte om kampen for tilværet i lag med ein tankefull, trist, einsam og stundom skummel atmosfære. Plateomslaget kan likne på ei teikning av ei sol formørka av månen eller kulehol.

Musikalsk sett er plata mykje i same stil som det førre albumet, Gruppa Krovi frå året før. Opningssporet «Pesnja bez Slov» sender tankane til The Cure, medan «Patsjka Sigaret» ikkje ligg langt unna noko The The kunne ha laga på same tida.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Песня без Слов» (Pesnja bez Slov — 'Ein song utan ord')
  2. «Звезда по Имени Солнце» (Zvesda po imeni Solntse — 'Ei stjerne kalla sola')
  3. «Невеселая Песня» (Neveselaja Pesnja — 'Trist song')
  4. «Сказка» (Skazka — 'Ei soge')
  5. «Место для Шага Вперëд» (Mesto dlja Sjaga Vperjod — 'Stad for eit steg framover')
  6. «Пачка Сигарет» (Patsjka Sigaret — 'Sigarettpakke')
  7. «Стук» (Stuk —'Eit dunk')
  8. «Печаль» (Petsjal — 'Sorg')
  9. «Апрель» (Aprel — 'April')

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Viktor Tsoj — Gitar og vokal
  • Igor Tikhomirov — Bassgitar
  • Georgij Gurjanov - Trommer og korist
  • Jurij Kasparjan — Gitar og korist
  • Andrej Sigle — Tangentinstrument