Zwarte Water

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Zwarte Water ved Hasselt

Zwarte Water («Svarte Vatn») er ei elv i Overijssel i Nederland. Ho har sitt utspring like sør for Zwolle der dei to elvane Soestwetering og Nieuwe Wetering renn saman. Zwarte Water renn så nordover gjennom Zwolle og snur nordaustover. Ho mottar Vechte nær Hasselt og renn så forbi Zwartsluis før ho munnar ut i Zwarte Meer («Svartesjøen», som heng i hop med IJsselmeer) nær Genemuiden.

Zwarte Water er ikkje ei grein av elva IJssel eller eit anna namn på Vecht. Elva er derimot forbunde med IJssel via to kanalar, Willemsvaart (frå tidleg på 1800-talet og ikkje lenger i bruk) og Zwolle-IJssel-kanalen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]