Zyprian Svennssen Søtland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zyprian Svennssen Søtland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. desember 1808
Trøgstad kommune
Død

11. mars 1890 (81 år)
Høland

Yrke bonde, politikar
Språk norsk

Zyprian Svennssen Søtland (12. desember 180811. mars 1890) var ein norsk gardbrukar, skogspekulant og stortingsmann frå Trøgstad i Østfold.

Far hans var gardbrukar, og han tok sjølv i si tid over farsgarden og dreiv denne. Han var i fleire år medlem av heradsstyret, ordførar 1848-53 og varaordførar 1856-59. Søtland kjøpte opp mykje skog, som han selde med store tap. Også garden kom på fal. I 1867 busette han seg i Christiania, men klarte ikkje fø seg på skikkeleg vis.

Søtland var 4. representant frå Smaalenenes amt i 1857 og på omframstortinget 1858. Han var medlem av desisjonskomiteen.

Han døydde i Høland i 1890, etter å ha motteke støtte frå fattigstellet i Kristiania i lengre tid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914