Acanthis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Acanthis
Gråsisik, Acanthis f. flammea, hannfugl, Finland Foto: Jyrki Salmi
Gråsisik, Acanthis f. flammea, hannfugl, Finland
Foto: Jyrki Salmi
Utbreiing
Omtrentleg geografisk utbreiing av fugleslekta Acanthis. Merk at sørgrensa for overvintringsområdet går noko utover det som kartet dekker. Den introduserte populasjonen på New Zealand kjem heller ikkje fram av kartet. ██ Berre hekking ██ Hekke og overvintring ██ Overvintring
Omtrentleg geografisk utbreiing av fugleslekta Acanthis.
Merk at sørgrensa for overvintringsområdet går noko utover det som kartet dekker. Den introduserte populasjonen på New Zealand kjem heller ikkje fram av kartet.

██ Berre hekking ██ Hekke og overvintring ██ Overvintring

Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Underfamilie: Carduelinae
Slekt: Acanthis
Borkhausen, 1797

Acanthis er ei biologisk slekt av små sporvefuglar i finkefamilien Fringillidae som har ein karakteristisk raud framisse. Namnet Acanthis er frå gamalgresk akanthis, ei nemning for «ein liten uidentifiserbar fugl», nemnt av mellom anna Aristoteles.[1] Det norske fellesnamnet for art(ar) i gruppa er 'sisik'.

Taksonomien for Acanthis er ikkje fastlagt, med fleire ulike nært nærskylde[2] former av sisikar, samla sett vurdert som alt frå ein til fem artar.[3] Nokre studiar[4][5] favoriserer tre artar, men dette er absolutt ikkje klårt. Globale lister stør for tida anten to eller tre artar, gråsisik, polarsisik, brunsisik[6] eller ein einskild art, gråsisik.[7] Nyleg viste gjennombrotanalysar skilnader i genuttrykk, men ingen genetisk divergens, noko som kan tyde at ulike former av fjørdrakt har oppstått nyleg innanfor felles utviklingslinje, utan å representerer artgrenser.[8]

Alle Acanthis-sisikar har sirkumpolar utbreiing som hekkeartar i arktis og nordlege temperert sone, knytt til bjørktre. Det er òg innført populasjonar på den sørlege halvkula, på New Zealand. Dette er små fuglar, 12,5–14 centimeter i kroppslengd og 10–17 gram,[9] brune eller gråbrune på oversida og med ein raud panneflekk. Brystet til den vaksne hannen er vaska i raudt, minst synleg hos den nordlege arten polarsisik, men hofuglar og unge fuglar har brunstripa bryst. Nebbet er lite og bleikgult med mørk kant på oversida. Det kan vere krevjande å fastsetje arten for nokre individ, spesielt unge.

Dette er hovudsakleg frøetarar, og ofte beitar dei akrobatisk som ei meis; kosthaldet deira kan inkludere innslag av insekt om sommaren. Dei legg fire til sju egg, og reiret er bygd i eit tre eller, når det gjeld polarsisik, i ein stor busk. Dei kan danne store flokkar utanfor hekkesesongen, nokon gonger blanda med andre finkeartar.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Acanthis i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[10] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[11]

  • Gråsisik, Acanthis flammea, Common redpoll, Linné, 1758, (LC)
Med taksonomisk standpunkt ein samla art for slekta, så er dette einaste arten i slekta
  • Brunsisik, Acanthis cabaret, Lesser redpoll, Statius Müller, 1776
Brunsisik skil seg frå gråsisik-forma med litt mindre storleik, litt mørkare hovud og mørkare striper på overgumpen. Større kontrast mellom lys buk og øvre bryst enn hos gråsisk. Kjerneområdet for hekking var avgrensa til Irland, mesteparten av Storbritannia, og Alpane, men brunsisik er no spreidd som hekkefugl langs Nordsjøkysten frå Nordaust-Frankrike til Tyskland og til Danmark, Sør-Noreg og sørvestlege Sverige.[12]
  • Polarsisik, Acanthis hornemanni, Hoary redpoll, Holböll, 1843
Polarsisik skil seg frå gråsisik-forma med at hannar i hekkedrakt har svakare rosafarge på brystet, heilt ustreka overgump med eit rosa fargeskjær.[13] Utbreiingsområdet er generelt Arktis, til dømes nordlegaste Noreg, Kolahalvøya, Grønland, nordlegaste Canada så langt nord som på Ellesmereøya, men ikkje på Island og Svalbard.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London, United Kingdom: Christopher Helm. s. 29. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. Seutin, G.; Ratcliffe, L. M. & Boag, P. T. (1995). Mitochondrial DNA homogeneity in the phenotypically diverse redpoll finch complex (Aves: Carduelinae: Carduelis flammea - hornemanni). Evolution 49(5): 962–973. doi:10.2307/2410418 (Oppsumering på første side)
  3. Knox, A. G. (1988). «The taxonomy of redpolls». Ardea 76 (1): 1–26. 
  4. Herremans, M. (1990). Taxonomy and evolution in Redpolls Carduelis flammea – hornemanni; a multivariate study of their biometry. Ardea 78(3): 441–458. Kopi av rapporten
  5. Sangster, George; Knox, Alan G.; Helbig, Andreas J.; Parkin, David T. (2002). «Taxonomic recommendations for European birds». Ibis 144 (1): 153–159. doi:10.1046/j.0019-1019.2001.00026.x. 
  6. Gill, Frank; Donsker, David (red.). «Finches, euphonias». World Bird List Version 5.4. International Ornithologists' Union. Henta 12. august 2018. 
  7. «Common Redpoll Carduelis flammea». Birdlife International. Arkivert frå originalen 4. september 2016. Henta 12. august 2018. 
  8. Mason, N.A.; Taylor, S.A. (2015). «Differentially expressed genes match bill morphology and plumage despite largely undifferentiated genomes in a Holarctic songbird». Molecular Ecology 24 (12): 3009–3025. PMID 25735539. doi:10.1111/mec.13140. 
  9. Clement, P. (2018). Redpoll (Acanthis flammea). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona.Henta 12. august2018
  10. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. september 2017 
  11. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
  12. Clement, P. (2018) Lesser Redpoll (Acanthis cabaret) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 12. august 2018
  13. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Acanthis