Akvarell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Akvarellmåling
Vassfargar
Albrecht Dürer:Hovud på ein råbukk. 1514

Akvarell er nemning på eit bilete måla etter ein teknikk der fargen vert lagt på i gjennomskinlege lag på eit tjukt, lett sugande papir. Papir av høgste kvalitet er syrefritt og framstilt av bomullsrestar. Det kan variere kraftig i ulike tonar av kvit og i tjukne. Overflatestrukturen vert kalla gräng og finst av fleire slag.

Akvarellpapir vert levert i blokk med limte kantar rundt, slik at papiret held seg slett, når det vert fuktig av fargen. Lause papir kan preparerast ved å fukte det grundig med reint vatn og så klistre eller teipe det opp på ei stiv skive. Når papiret har turka, har dei innebygde spenningane vorte utjamna, og det boblar mindre når akvarellfargen vert lagt på.

Akvarellar vert ofte måla med ein tjukk pensel som kan halde på mykje veske, samstundes som han kan formast til ein grann spiss. Den finaste kvaliteten vert laga av mårhår eller sobelhår. Særleg tynne linjer kan lagast med hjelp av tynne, spisse penslar eller dragstift, opphavleg laga til tusjteikning. Gamle tiders stålpennar til blekk duger også til det føremålet.

Mange teknikkar vert ofte kombinert i eitt og same biletet.

Utgreiing[endre | endre wikiteksten]

Akvarellmåling vert rekna som ein av dei vanskelegare måleteknikkane.

Akvarellmålaren nyttar det blanke i papiret for å gje fargane den sterkaste lysstyrken. Ein vil i akvarellen få fram eit samspel mellom fargane og papiret, papiret kan såleis ikkje forsvinne under eit lag med farge. Akvarellmålarar målar ikkje kvitt. Kvite parti får ein gjennom å la det kvite papiret vere umåla. Om ein vil måle i lyse fargetonar nyttar ein sparsamt med fargepigment i vassoppløysinga, då lyser papirfargen lettare igjennom.

Under akvarellmåling må ein ha ei nøyaktig skisse eller eit gjennomtenkt indre bilete. Det er vanskeleg å endre på det som er måla. Å måle over fungerer lite bra, då akvarellfargen er gjennomskinleg, samstundes kan overflata i papiret verte skadd.

Under akvarellmåling skal ein alltid byrje med dei lysaste delane i motivet, og deretter suksessivt gå mot alt mørkare nyansar. Lyse detaljer mot ein mørk bakgrunn kan ikkje leggast til i ettertid.

August Macke:Hagegrind, 1914
Ingeborg Bernhard:Bru i Kina, 1985

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Kinesarar var fyrst ute med å nytte akvarellmetoden, dei brukte rispapir. Vassfarge vart teken i bruk i Europa til erstatning for dyrare farger som tempera og oljefargar. I arbeid med miniatyrmåleri var han også lettare å måle med. Ein måla då slik at det skulle likne på oljefargar.

Fargar og effektar[endre | endre wikiteksten]

Akvarellmåling er bygt på det subtraktive fargesystemet. Gjennom bruk av grunnfargane blågrønt, fiolett og gult filtrerer ein vekk ulike delar av det lyset som papiret vert opplyst med. På eit akvarellmåleri ser ein altså «papirfargen» slik han ser ut i rådande belysning, minus det som vert filtrert vekk av dei transparente akvarellfargane. Filtreringa skjer såleis i to steg: dels av det ytte lys som måleriet vert opplyst av, og så enno ein gong av det lyset som vert tilbakekasta frå papiret.

Gjennom blanding av desse fargane i ulike blandingsforhold kan ein skape alle spektrumsfargane, den såkalla tristimuluseffekten.

Til skilnad byggjer oljemåling, og i ei viss grad gouache, på det additive fargesystemet med grunnfargane raudt, grønt og blått.

Fargar[endre | endre wikiteksten]

Akvarellfargar finst i to hovudtypar:

Saltteknikk[endre | endre wikiteksten]

Når ein målar akvarell med salt, dekker ein store delar av papiret eller heile overoverflata, med ein eller fleire nyansar av farge og let det halvturke. Derpå strør ein ut ein del korn av grovt salt (ikkje vanleg bordsalt), i mønster eller tilfeldig. Saltet syg opp ein del av den halvturre fargen, slik at fargen i det underliggande papiret lettare lyser igjennom. Når det heile har turka børstar ein vekk saltkorna, og resultatet er eitt prikkmønster.

Variantar[endre | endre wikiteksten]

Ein kan måle akvarell på farga papir for å oppnå spesielle effektar. Ein annan variant er å byrje målinga med store penseldrag i valfrie fargar, og så late det turke fullstendig. Deretter målar ein over det heile med ein kontrasterande farge og nyttar saltteknikken på det nye sjiktet.

Målar ein på ein tildekkande måte med legg på mykje, dekkekvit farge kallar ein sluttproduktet for gouache, ikkje akvarell.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Ordet «akvarell» er eit lån frå italiensk; acquarello, eit ord avleia frå det latinske ordet for vatn; aqua. I daglegtale nyttar ein ofte ordet vassfargar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]