Anke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Anke er eit rettsmiddel som blir nytta for å bringe ein dom eller orskurd inn for ein høgare rettsinstans til ny prøving. Omgrepet blir brukt både i sivile saker og i straffesaker.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

I norsk rett er fristen for å anke i sivile saker normalt ein måned, medan fristen i straffesaker er to veker. Den som ankar ei avgjerd blir kalla ankande part, og motparten blir kalla ankemotpart.

Det hender også at begge partar ankar, og då blir den anken som kjem sist kalla ein motanke. Dersom den av partane som ynskjer å motanke i ei sivil sak ikkje har sjølvstendig rett til å anke, til dømes av di ankefristen er ute for han, eller han har sagt frå seg retten til å anke på eit tidlegare tidspunkt, kan han likevel anke når den andre parten har anka på lovleg måte for å få ei ny realitetsavgjersle i saka og ikkje berre anker over saksførehavinga. Ei slik motanke er soleis usjølvstendig og fell bort dersom hovudanka ikkje leiar til at saka vert avgjort når det gjeld realiteten, til dømes om hovudanka vert drege attende eller avvist av domstolen. Denne typen motanke vart tidlegare kalla aksessorisk motanke, men har no fått nemninga avleda anke, utan at innhaldet i reglane om dette er endra.

Ein anke skal normalt fremjast for den domstolen som har avsagt den dommen som anka gjeld. I straffesaker kan ein anke frå den straffedømde også fremjast til påtalemakta.

Anker over avgjerder i forliksrådet går til tingretten, avgjerder frå tingretten kan ankast til lagmannsretten, og avgjerder frå lagmannsretten kan ankast til Høgsterett. I visse sjeldne tilfelle kan dessutan anke over tingrettsavgjerder fremjast direkte for Høgsterett.

Innanfor somme rettsområde finst spesielle reglar om anke. Til dømes skal ein dom frå jordskifteretten ankast direkte inn for lagmannsretten.

Høgsterett er siste instans etter Grunnloven § 88: «Høiesteret dømmer i sidste Instans». Når ei avgjerd er rettskraftig kan den ikkje lenger ankast. Den einaste ein deretter kan gjere for å få endra avgjerda, er å fremje krav om gjenopning, for sivile saker. For straffesaker skal i slike tilfelle saka leggast fram for Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker. Både for sivile saker og straffesaker er vilkåra for å få gjenopning eller gjenopptaking svært strenge.

Det er ikkje mogleg å anke avgjerder frå Høgsterett inn for den Europeiske Menneskerettsdomstolen (EMD). Dette ville vere i strid med Grunnloven § 90, som lyder: «Høiesterets Domme kunne i intet Tilfælde paaankes». Saker som er avgjorde i Høgsterett kan derimot klagast inn for EMD, som kan ta stilling til om avgjerda er i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Dersom dette er tilfelle kan resultatet bli at staten blir dømd til å betale erstatning, men Høgsterett sin dom blir ståande til saka eventuelt blir gjenopna og gjenopptatt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]