Apomorfi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Apomorfi er i biologisk systematikk ei nemning for eit trekk som bitt saman organismar i naturlege grupper. Slike trekk er felles for delgruppene i gruppa av di dei har arva det frå den same stamarten som opphavleg utvikla trekket. Apomorfiar vert òg kalla avleidde karakterar eller avanserte karakterar og står i motsetnad til plesiomorfiar eller opphavlege karakterar.

Kva for trekk som vert definert som apomorfiar og plesiomorfiar kjem an på kva nivå ein ser på. Innanfor pattedyra er til dømes motståande tomlar ein apomorfi for primatar, sidan dette representerer ei endring frå tommelen til dei opphavlege ur-pattedyra. Ser ein på evolusjon innanfor sjølve primatane er derimot dei motståande tomlane eit opphavleg trekk.

For å finna ut om eit trekk er apomorft eller plesiomorft for ei gitt gruppe kan ein nytta fleire metodar. Ein mykje brukt måte er utgruppeanalyse, kor ein ser på grupper ein tenkjer seg er nært skylde gruppa ein skal studera og undersøka i kva grad desse har tilsvarande (homologe) strukturar. Ein kan òg leita etter indisium ved å studera utviklingsbiologi eller fossil.

Sjå òg plesiomorfi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Brusca, R.C. & Brusca, G.J. (2002): «Classification, Systematics, and Phylogeny», side 23-39 i Invertebrates. Sinauer Associates