Applaus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Familien til Cecilia Bolocco og tilskodarar applauderer henne under Miss Universe-tevlinga i 1987.

Applaus er ei anerkjenning av personar eller handlingar gjennom klapping, tramping, jubel, plystring, vifting og liknande. Ein kan til dømes applaudera under eller etter konsertar, førestillingar, tevlingar, talar, seremoniar, opptog, prestasjonar, oppvisingar og liknande.

Ordet «applaudere» kjem frå latin ad som tyder 'til' og plaudere som tyder 'klappe'. Både grekarane og romarane klappa etter førestillingar. Romarane kunne også vifta med tøystrimlar eller med togaene sine.

Høyrbar applaus[endre | endre wikiteksten]

Applaus ved ei framføring av Cavalleria Rusticana.
Brakapplaus etter ei musikkframføring i Concertgebouw Amsterdam i 1977.

Høg og langvarig applaus er gjerne rekna som eit teikn på større begeistring enn det motsette. Ved musikkframsyningar påverkar som regel volumet på musikken det på applausen - ei høglytt avslutting, eller tilmed ein høg songtone, medfører ofte brakapplaus. Eit begeistra publikum kan også reisa seg og gje ein ståande applaus.[1] Ved nokre førestillingar har det vore vanleg å bruka klakørar, ei gruppe tilskodarar som er leid inn for å applaudera demonstrativt.[2]

Avmålt applaus kan uttrykka høflegheit, mishag, utolmod eller sarkasme. Sakte klapping er kjend som slow clap eller slow handclap på engelsk,[3] medan låg klapping er kjend som golf clap, etter korleis klapping frå fjerne tilskodarar høyrest ut på fjernsynssendingar frå golf.[4]

I nokre samanhengar har ein brukt «klappometer», innretningar som skal måla kor høgt tilhøyrarane klappar, som eit slags mål på begeistringa ved ei framføring. Apparata har vore brukt i tevlingar sidan det blei innført i fjernsynsprogram på 1950-talet, mange av dei justerte manuelt av ein medarbeidar.[5] Klappometer som faktisk måler lydstyrke er blitt laga som eigne instrument og som appar, og blir frå tid til anna brukt til relativt seriøse tevlingar.[6]

Skikk og bruk[endre | endre wikiteksten]

Ved mange musikkframføringar kan tilhøyrarane bryta ut i applaus under sjølve framføringa. Dette var vanleg i vestleg klassisk musikk i tidlegare hundreår,[7] og førekjem framleis ved ein del førestillingar av opera og ballett.[1] Ved klassiske konsertar er det i dag ofte uglesett å applaudera under framføringa eller mellom enkeltsongar eller satsar. Ein del tilhøyrarar og utøvarar reknar det også som meir respektfullt å vera stille ei lita stund etter den siste tonen før ein byrjar å applaudera.[8]

I visse samanhengar og tradisjonar reknar ein klapping som upassande. Dette gjeld til dømes i nokre tolkingar av islam. Her oppfordrer ein i staden til å koma med verbale tilrop, som Allahu akbar.[9] I mange kyrkjer er det eller har vore tabu å klappa. Tilhøyrarar kunna i staden brumla, kremta, hosta eller blåsa nasen for å uttrykka velvilje.[1]

Andre former for applaus[endre | endre wikiteksten]

Døveapplaus med handvifting.

I Romarriket var ein av dei fastsette skikkane for applaus å vifta med enden av togaen. Keisar Aurelianus delte ut tørkle (orarium) til alle dei romerske borgarane for dette føremålet. I nyare tid har ein også brukt lommetørkle til applaus, noko som mellom anna er blitt rapportert frå konsertar med dei døve komponistane Ludwig van Beethoven og Bedrich Smetana. Vifting med tørkle er også blitt brukt for andre døve, men skikken er i stor grad blitt erstatta av vifting eller vriing av hendene i lufta.[10]

Responsar på applaus[endre | endre wikiteksten]

The final bow av George Goodwin Kilburne.

Folk som tek imot applaus kan stå stille og ta imot applausen med små gestar, eller større, som vinking, bukking eller neiing. Ved langvarig applaus kan utøvarane koma ut framfor sceneteppet fleire gonger for å ta imot han.

Ved nokre høve kan sterk applaus og rop som «bravo» eller «bis» føra til at utøvarar utfører ekstranummer. Ved førestillingar på 1700-talet var det vanleg å utføra same stykke éin gong til. I dag er det vanlegare å utføra nye stykke som ekstranummer.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Scholes, Percy, Denis Arnold, and Alison Latham (2011), «applause», The Oxford Companion to Music, Oxford University Press 
  2. «Claque», Store norske leksikon, 24. november 2011 ; «klakør» i Nynorskordboka.
  3. Stevenson, Angus, red. (2010), «slow handclap», Oxford Dictionary of English, Oxford University Press 
  4. Joa Touzet (13. februar 2004), «golf clap», Urban Dictionary 
  5. BBC - When Will I Be Famous? - Competition, BBC 
  6. Core77 Live 1 Hour Design Challenge at 'A Better World by Design'; Irish Independent: World air fiddle championships; Plymouth Herald: Clapometer installed at The Hippo
  7. Jean Inaba (Jun 8, 2014), The clapping question: Should classical audiences applaud between movements?, CPR ; Andrew Druckenbrod (4. februar 2007), «Applauding the relaxing of rules of clapping in classical concerts», Pittsburgh Post-Gazette 
  8. Finlo Rohrer (21. juli 2009), «To clap or not to clap?», BBC News Magazine 
  9. Is clapping allowed in Islam?, 7th Century Generation ; Clapping in Islam, Mufti Answers.com ; Clapping One’s Hands and Whistling, FatwaIslam.Com 
  10. Tom Harrington (2007), Visual applause: Where did it come from?, Gallaudet University Library 
  11. Scholes, Percy, Denis Arnold, and Alison Latham (2011), «encore», The Oxford Companion to Music, Oxford University Press 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Applaus