Arkosaurar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Archosauria)
Arkosaurar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Krypdyr Reptilia
Klade: Arkosaurar Archosauria
Cope, 1869

Archosauria er ei gruppe virveldyr som omfattar to gjenlevande dyregrupper; krokodillar og fuglar. Dei utdøydde dinosaurane og flygeøglane vert òg rekna til gruppa.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Archosaurane vert definert ved fire hovudkaraktertrekk:

  • Tennene (om dei er der) er fest i gropar i hovudskallen, noko som gjer at dei er festa betre.
  • Det er eit relativt stort holrom i kraniet mellom hola for nasebor og augeholer, noko som gjer at skallen vert lettare å bera. Dette er ei praktisk tilpassing både for enorme dyr som dinosaurane og for flygande dyr som fuglane og pterosaurane.
  • Lårbeinet har ein utvekst kalla den fjerde trochanteren. Denne vert nytta hovudsakleg som muskelfeste.
  • Små opningar i kjevebeina. Desse kan ha ein avgrensa effekt når det kjem til å redusera vekt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]