Romfarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Astronaut)
Dei tre astronautane som deltok på Apollo 11-ferda i 1969. Frå venstre: Neil Armstrong, Michael Collins og Buzz Aldrin.

Ein romfarar er nemninga på ein person som reiser i verdsrommet.

Den mest kjende kosmonauten er truleg Jurij Gagarin (19341968), som var det første mennesket i verdsrommet. Gagarin gjennomførte eitt jordomløp i romfartøyet Vostok 1 den 12. april 1961.

Den mest kjende astronauten er truleg Neil Armstrong (fødd 1930), som var det første mennesket som sette foten på overflata av Månen, 21. juli 1969.

Kinas første taikonaut var oberstløytnant Yang Liwei, som letta frå Jiuquan-senteret i Gansu i romfartøyet Shenzhou 5 den 15. oktober 2003. Yang Liwei gjennomførte 21 timar i bane.

Variantar av ordet[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk: astronaut (frå gr. astron, «stjerne», og lat. nauta, «sjømann»)
  • Russisk: kosmonaut (frå gr. kosmos, «verdsaltet», og naves, «sjømann»)
  • Fransk: spationaut (frå lat. spatium «rommet» og gr. nautes, «sjømann»)
  • Kinesisk: taikonaut (frå kin. taikong, «verdsrommet», og lat. nauta, «sjømann»)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Romfarar
Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.