Bibliotek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå eit bibliotek i Eberswalde i Tyskland.

Bibliotek (frå gresk βιβλιοθηΧη boklager, biblion, bok, og theke, lagringsrom) er ei samling bøker, handskrifter og anna referansemateriale (film, lyd, osb.).

Ein bruker bibliotek både for å bevara bøker og for å gje flest mogleg folk tilgang til dei. Moderne bibliotek har gjerne òg mange ulike aviser og datamaskinar med internettilgang som ein del av informasjonstilbodet til brukarane sine.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Biblioteket i Betliar i Slovakia.

Dei tidlegaste biblioteka var tempelsamlingane i Memfis, biblioteka i Susa og biblioteket til assyrarkongen Assurbanipal.

Biblioteket i Alexandria var det mest kjende biblioteket i oldtida.

I mellomalderen voks det fram fleire klosterbibliotek, mellom anna i Cambridge og St. Gallen.

I Firenze oppstod det første «folkebiblioteket» i 1444.

I Noreg opna Deichmanske bibliotek dørene 12. januar 1785.

Bibliotekstypar[endre | endre wikiteksten]

Ei kvinne tek ut ei bok på biblioteket til San Diego City College.

I nyare tid kan ein skilje mellom følgjande typar bibliotek:

Eksempel på bibliotek[endre | endre wikiteksten]

Bruk av bibliotek[endre | endre wikiteksten]

Mange potensielle bibliotekbrukarar veit ikkje korleis dei effektivt kan gjere bruk av ressursane biblioteket tilbyr. Dette har ført til stadig sterkare fokus på brukaropplæring. Sentralt her står omgrepet informasjonskompetanse.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]