Brasme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brasme
Brasme
Brasme
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Karpefisk Cypriniformes
Overfamilie: Cyprinoidea
Familie: Karpefamilien Cyprinidae
Slekt: Abramis
Art: Brasme A. brama
Vitskapleg namn
Abramis brama

Brasme (Abramis brama) er ein fiskeart i karpefamilien.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Brasme blir vanlegvis 0,5–3 kg, men fisken kan bli opptil 8-9 kg og 75 cm. Kroppen er høg og samantrykt frå sidene. Noregsrekorden for brasme tatt på stong er på 5,526 kg.[1] Han vart fiska i naturreservatet Juveren. Dette er 276 gram tyngre enn den gamle rekorden (som var frå same området).

Brasma kan likna på ein mindre slektning, flire, men kan skiljast frå denne ved talet på finnestrålar i gattfinnen. Brasme har 23-32 finnestrålar, mens flire har 19-22.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Brasme lever i ferskvatn i Europa nord for Alpane og Pyreneane og austover mot Aralsjøen og Kaspihavet. I Austersjøen, Aralsjøen og Kaspihavet finst fisken også i brakkvann. Utbreiinga i Noreg er hovudsakleg på Austlandet, men brasme finst også i spreidde vatn oppover mot Trøndelag, og sørover mot Agder.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Brasme på utstilling i Praha

Fisken blir kjønnsmogen i 3- til 6-årsalderen og gyter normalt i mai-juni. Han gyter i puljer, og det er heilt normalt at talet på egg kjem opp i mellom 200 000-300 000. Gytinga finn helst stad i grunne viker eller sideelver med mykje vegetasjon. Brasma kan oppnå ein høg levealder, og det er dokumentert eksemplar som var over 30 år gamle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Brasme
Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Abramis brama