På oppdrag av Regionbibliotek Stockholm, (tilsvarande fylkesbibliotek), har eg laga to utgreiingar som gjeld den svenske språkversjonen til Wikipedia.
Wikipedias fel och brister - en angelägenhet för biblioteken? (februar, 2008). Studien er delt i tre kapitel: 1) ei generell innleiing til kva Wikipedia er, 2) ei brukarundersøking, kor 91 elevar i tre vidaregående skuler i Stockholms län svarte på spørsmål om kva dei synst om Wikipedia og korleis dei nyttar oppslagsverket; 3) drøfting av tiltak som kan betre kvaliteten til artiklane.