Chasqui

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein chasqui spelar på ein konkylie, pututu. Illustrasjon av Guaman Poma.

Chasqui (quechua: chaskiy, «ta imot») var snøgge sendebod som transporterte meldingar eller mindre gjenstandar innanfor inkariket, i hovudsak i teneste for inkaen.

Chasquiar vart sendte rundt kring i territoriet på eit rutenett av vegar og bruer, inkavegane. Døme på ei rute var ho frå Nazca til Tumbes langs kysten. Ytterpunkt for chasquirutene ligg i noverande Colombia, Bolivia, Argentina og Chile.

Kvar chasqui bar med seg ein pututu, eit blåseinstrument av konkylieskjel eller horn, eit quipu for oppbevaring av informasjon og ein qipi, ryggsekk, for å frakte andre typar gjenstandar. Chasquiar samarbeidde i eit stafettsystem som gjorde det råd å få fram meldingar over lange distansar over relativt kort tid. Langs inkavegane var det bygd tambos, med bygningar og naudsynte forsyningar som tente chasquisystemet. Ein chasqui starta frå ein tambo og løp til neste tambo der han leverte meldinga til ein annan utkvilt chasqui som heldt fram til neste tambo, og så bortetter. Ei melding kunne gå frå Cusco til Quito på ei veke.

Chasquiar var lærte opp til å tryggje det dei frakta med seg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]