Cloisonné

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snuskrukke med cloisonnédekor frå Jaipur på 1700-talet.

Cloisonné (frå fransk, ‘celleforma’) er ei særskild form for emaljearbeid, celle-emalje. Innan cloisonné bruker ein ein flat sølvtråd sett på kant til å laga eit mønster på overflaten av godset som skal emaljerast. Dei ulike seksjonane (cloisons) blir fylte med smelta emalje i ulike fargar.

Ostrogotisk øyrering frå 500-talet. Funne i Domagnano-skatten.

Cloisonné var mykje brukt i Europa i mellomalderen, og blir framleis utført i India og Aust-Asia. Teknikken opplevde ein vestleg renessanse i 1880-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Cloisonné». Store norske leksikon. 20. februar 2018. Henta 30. juli 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Cloisonné