Damptraktor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Case damptraktor.

Damptraktor er ein dampdriven traktor og føregangaren til traktorar med motorar med innvendig forbrenning. Til skilnad frå sjølvkøyrande lokomobilar, som var laga for å trekkja andre maskinar via ei reimskive, var damptraktorane laga for å trekkje reiskap etter seg. Innan europeisk jordbruk avrt det nytta så godt som berre lokomobilar, medan damptraktorar, som trekte reiskapen etter seg, vart nytta til pløying på dei Nord-Amerikanske prærien. Europeiske damptraktorar vart i noko mon nytta for transport etter veg.

Trekkmaskinar innan jordbruket[endre | endre wikiteksten]

Ein damptraktor pløyer med ein 10-skjers plog i Lethbridge i Alberta i Canada.
Pløying med damptraktor i Rhodesia i 1910.

Innan Nord-Amerikamskt jordbruk vart damptraktorane fyrst og fremst nytta til å pløya opp prærien, som hadde ei tjukk tørr berekraftig grasmatte der traktorane ikkje køyrde seg fast så lett. Damptraktorane kunne difor dra plogen etter seg og ein slapp arbeidet med ståltau og utplassering av jordanker, som var vanleg i fuktigare klimaet i Europa. Dei tunge traktorane var saktegåande men hadde stor trekkraft og det vart nytta slepeplogar med opp til 12 og nokre gongar 14 skjer. At traktorane var tunge å manøvrera var ikkje så farlig på prærien, der det var flatt og dei kunne køyra på kilometervis før dei laut snu. Men damptraktorar vart òg nytta til å driva maskinar via reimskiva, så dei same maskinane som vart nytta til pløing kunne gjera teneste for å driva treskjeverk, kverner, osb.

Trekkmaskinar for vegtransport[endre | endre wikiteksten]

Tungtransport med tre damptraktorar. Frå ein demonstrasjon på Great Dorset Steam Fair i 2007.
Eit dampdriven vogntog i 1870. Traktoren, som var produsert av Thomson, har ståande kjele.

Damptraktorar vart òg nytta for å trekkja tung last etter vegen, både lokalt og over lengre avstandar[1]. Spesielt i Storbritannia var denne forma for transport utbreidd. Lasta kunne vera trevirke, jordbruksprodukt, kol, råvarer som stål og stein, ferdige produkt som maskinar, murstein osb. Vegane på 1800-talet var ikkje så gode, men farten var låg. Det vart nytta firehjuls tilhengarar og ein damptraktor drog ofte fleire tilhengarar. Det var ofte eit problem at bruer braut saman når ein damptraktor med tilhengar passerte.

Galleri[endre | endre wikiteksten]


Tivolitraktorar[endre | endre wikiteksten]

Engelsk tivolitraktor

I Storbritannia vart damptraktorar i stort mon nytta av reisande tivoli, for å trekkja bustadvogner og tilhengarar med utstyr. Tivolitraktorane var som oftast måla i skarpe farger og utstyrte med ymse krimskrams og var ein del av attraksjonen til tivoliet. Dei vart òg nytta til å driva ein dynamo, slik at tivoliet hadde tilgang til elektrisk ljos. Nokre tivolitraktorar var utstyrte med vinsjdriven kran, som vart nytta til å reisa store telt og sirkushjul. Tivolitraktorar hadde minst like mykje til felles med lokomobilar som med damptraktorar.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Rayner, D., Traction engines, Shire Publications, 2002.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]