Dei fire store

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei fire store.

Dei fire store er eit kjent uttrykk innan norsk litteratur som viser til fire forfattarar frå den norske realistiske gullalderen ved slutten av 1800-talet: Ibsen, Bjørnson, Kielland og Lie.

Det er ukjent kven som kom på omgrepet eller først brukte det, men det var i alle fall i bruk før den første verdskrigen. Forfattarane kom alle ut på Gyldendal forlag, og om forlaget ikkje fann på uttrykket sjølv, brukte dei det i alle høve til marknadsføring.

Deretter blei det så vanleg innan norsk kultur at det er blitt ein slags klisjé, og ein har kåra «dei fire store» innan mange andre felt, også innan nyare norsk litteratur. Desse blei utpeikte i 1996 av Bokklubben Nye Bøker som Kjærstad, Fløgstad, Solstad og Wassmo. Kåringa skapte mykje debatt, men er seinare stort sett blitt gløymd.

Andre store[endre | endre wikiteksten]