Forbundslandet Salzburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Delstaten Salzburg)
Forbundslandet Salzburg
Land Salzburg
forbundsland
Flagg
Symbol
Land  Austerrike
Hovudstad Salzburg
Areal 7 156,03 km²
Folketal 558 410 (1. januar 2020)[1]
Språk Tysk
Kart
Forbundslandet Salzburg
47°46′01″N 13°21′51″E / 47.766944444444°N 13.364166666667°E / 47.766944444444; 13.364166666667
Forbundslandet Salzburg i Austerrike
Forbundslandet Salzburg i Austerrike
Forbundslandet Salzburg i Austerrike
Wikimedia Commons: Salzburg (state)

Salzburg er eit forbundsland (Bundesland) i Austerrike. Hovudstaden er Salzburg, arealet er 7 156 km² og folketalet om lag 560 000.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Salzburg ligg vest i Austerrike, og har grense til Tyskland i nord og Italia i sør. I aust ligg dei austerrikske forbundslanda Oberösterreich, Steiermark og Kärnten, i vest forbundslandet Tirol. Den viktigaste elva i delstaten er Salzach, som munnar ut i elva Inn. I sør er fjella Sentralalpane (Hohe Tauern), fleire av toppane er på over tre tusen meter, i aust og nord Dachstein-massivet og Berchtesgaden-Alpane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Busetnad i Salzburg går attende til forhistorisk tid. Det eldste namnet på byen, Iuvavum, går attende til keltisk busetnad. Byen var ein del av romarriket, og han vart i 690 eit bispedømme, og i 798 erkebispedømme.

Salzburg var frå mellomalderen av eit geistleg fyrstedømme, med erkebiskopen av Salzburg som herskar. Ved Wienerkongressen etter Napoleonskrigane, i 1816, vart det del av det austerrikske keisarriket.

Forvaltning[endre | endre wikiteksten]

Delstaten Salzburg er delt inn i fem ulike distrikt (Bezirke) og ein hovudstad (Statutarstadt), Salzburg:

Distrikt i Salzburg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Forbundslandet Salzburg