Den norske grunnlovsdagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
17. mai 1893, måla av Christian Krohg.
Flaggborg først i eit syttande maitog.
Ungar i barnetog.
Buekorps i prosesjonen i Bergen. Hjelp å få under eit opphald i ein lang marsj.

Den norske grunnlovsdagen er den norske nasjonaldagen og blir feira av nordmenn i Noreg og utlandet. Dagen blir feira den 17. mai kvart år, og blir vanlegvis berre kalla syttande mai.

Grunnlovsdagen blir feira til minne om den norske grunnlova, som blei underskriven på Eidsvoll den 17. mai 1814. Dagen har likevel utvikla seg til å meir generelt feira norsk fridom og nasjonalkjensle, i tillegg til å vera ein karnevalsaktig festdag der folk kler seg opp, kjem ut i gatene og morar seg.

Tog[endre | endre wikiteksten]

Den viktigaste hendinga på syttande mai er dei mange toga, som blir haldne så godt som alle stader det bur nordmenn. Som regel har ein eit barnetog, som inkluderer ungar frå barnehagealder til elevar frå vidaregåande skule, og eit folketog, der frivillige lag og organisasjonar er med. I tillegg kan ein ha eit russetog, der årets russ gjer vittige ting. Toga er prega av korps som speler marsjar og særskilde nasjonalromantiske «syttande mai-songar». Ein har ulike tradisjonar ulike stader i Noreg. I Oslo går barnetoget forbi Slottet, der kongefamilien står på balkongen og vinkar til dei.

Dei norske syttande mai-toga skil seg frå dei meir offisielle paradane mange andre land arrangerer på nasjonaldagane sine ved at alle kan delta, og ved fokuset på ungar. I Bergen, der syttende mai-toget vert kalla prosesjon, er det to prosesjonar, ein prosesjon for vaksne, organsisasjonar og liknande, og ein prosesjon for born og skular. Dei to prosesjonane har kvart sitt utgangspunkt og krysser kvarandre på ruta. I Bergen set òg dei særeigne buekorpsa eit sterkt preg på prosesjonen.

Klede[endre | endre wikiteksten]

Dei som har bunad kler seg gjerne i denne på nasjonaldagen. Elles vel mange å kle seg i ein eller fleire av nasjonalfargane, raudt, kvitt og blått. Det er òg vanleg å ha på seg klede som er nyinnkjøpte til denne dagen.[1]

Mat[endre | endre wikiteksten]

For mange er syttande mai-menyen prega av mykje lettvint snøggmat, som pølser og pommes frites. Det er vanleg for ungar å få lov til å eta «så mykje is dei kan». Eggedosis er òg vanleg å servera denne dagen.

Blant norsk-amerikanarar er det vanleg å servera norsk tradisjonsmat, som lutefisk, på nasjonaldagen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Karl Ove Knausgaard, «Norge, mitt Norge», Helsingborgs Dagblad (17. maj 2013); «17.mai klær til hele familien - tid for det årlige stresset», kvinneguiden.no diskusjonsforum

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Den norske grunnlovsdagen