Elefant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om nolevande elefantar. For familien som også omfattar utdøydde dyr, sjå elefantfamilien.
Elefant
Afrikansk skogelefant
Afrikansk skogelefant
Utbreiing
Utbreiinga av elefant
Utbreiinga av elefant
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Ryggradsdyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Overorden: Afrotheria
Orden: Proboscidea
Familie: Elefant Elephantidae

Elefantar er store pattedyr kjenneteikna av store øyre, ein lang snabel, og ofte store støyttenner. Dei høyrer til to slekter i elefantfamilien, Elephas og Loxodonta. Dei nolevande elefantane blir delt inn i to grupper, afrikansk elefant og asiatisk elefant. Desse kan også reknast som to artar, eller ein kan dela inn dei afrikanske elafantan i afrikansk savanneelefant og afrikansk skogelefant.

Temd asiatisk elefantmor og barn i Laos.
Vaksen og ung afrikansk savanneelefant.
Foto: Brian Snelson

Elefantar er i dag verdas største landlevande dyr. Den største elefanten ein har funne var ein hann skoten i Angola i 1956, som vog rundt 11 tonn og hadde ei skulderhøgd på nær 4 meter. Typisk er afrikanske hannelefantar 3 meter høge. Nyfødde elefantar er gjerne rundt 120 kg. Dyra har ei fostertid på 22 månader, den lengste av alle landlevande dyr. Dei blir typisk 50 til 70 år gamle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Elefant
Spire Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.