Epidemi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Epidemi er eit utbrot av ein smittsam sjukdom som raskt fører til mange sjukdomstilfelle i ei befolkning. Epidemi viser eigentleg berre til slike sjukdommar blant menneske; tilsvarande hending for dyr heiter epizooti. Ein epidemi som spreier seg over store delar av verda vert kalla ein pandemi. Ein epidemi som derimot spreier seg innanfor eit avgrensa område eller befolkning vert kalla ein endemi.

I Danmark vert det rekna som ein epidemi dersom talet på nye tilfelle av ein sjukdom vert dobla på ei veke. Ved ein epidemi er det vanleg at styresmaktene nyttar eigne lover og reglar for å førebygge og kjempe mot sjukdomen.

Sjukdomar som kan føre til epidemiar[endre | endre wikiteksten]

Nokre forskarar meiner at fedme bør reknast som ein epidemi i den vestlege verda i dag.

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.