Fødsel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Søye slikkar eit nyfødd lam etter lemming.

Fødsel viser til når eit foster kjem ut frå mororganismen, og blir ofte rekna som byrjinga på livet. Dei fleste pattedyr og andre vivipare eller ovovivipare dyr – nokre amfibium, reptil, fiskar og virvellause dyr – føder levande ungar. Under ein pattedyrfødsel blir livmora tømd for innhald: Fostervatn, foster og det som måtte vera av etterbyrd, som morkake, hinner og væske. Normalt har ein slik fødsel tre fasar – opning av fødselskanalen, utdriving av foster, og etterbyrdstida.

Fødslar hjå pattedyr[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå barnefødsel, kalving og lemming.
Fødselsforløpet til ei ku.

I pattedyr blir ein fødsel normalt sett i gang ved enden av eit svangerskap, når fosteret er fullbore, gjennom frigjering av eit hormon som oksytocin. Ein fødsel som tek til noko før fosteret er fullbore blir kalla for tidleg eller prematur fødsel.

  • Første delen: Opningstida

Den første og lengste delen av ein fødsel opnar fødselskanalen gjennom rier. Livmorhalsen (cervix) blir utvida og mormunnen opnar seg. Mot slutten av denne fasen går livmorhola, livmorhalsen og skjeden i eitt. No er det vanleg at fosterhinnene brest og fostervatnet tek til å renna ut, sjølv om dette òg kan skje tidlegare i fødselen.

  • Andre delen: Utdrivingstida

I utdrivingsfasen blir fosteret drive ut av mora gjennom kraftige og hyppige rier. Musklar i bukveggen og livmora pressar gradvis fosteret ut fødselskanalen. Blautdelane i fødselskanalen, særleg bekkenbotnen, blir tøygde til fosteret kan fødast.

Menneskefoster kjem vanlegvis ut med hovudet først, resten av kroppen litt seinare. Andre dyr kan fødast i lengdeleie, det vil seia med ryggen først. Placentale pattedyr er framleis fest til mora gjennom navlestrengen som forbind dei med morkaka (placenta).

Menneskemor og barn under etterbyrdstida. Mora steller ungen som framleis er festa til morkaka inne i mora med navlestrengen.
  • Siste delen: Etterbyrdstida

Væsker, fosterhinner og andre restar blir støytte ut under siste delen av fødselen. I placentale pattedyr losnar morkaka frå livmorveggen og blir fødd som etterbyrd. Såret etter morkaka gjev ei bløding som kjem som utflod saman med fosterhinner og resten av væskene frå livmora.

Etter fødselen er det vanleg å stella den nyfødde og bita eller klippa av navlestrengen. Dyr slikkar ofte avkomet medan menneske gjerne vaskar og masserer spedborna sine.[1]

Andre fødslar[endre | endre wikiteksten]

Fødande pilskate, eit ovoivipart dyr.
Fødande bladlus, eit vivipart dyr.

Ein skil mellom vivipare dyr, der foster har utvikla seg i livmora og fått næring frå mora, og ovovivipare, der dei utviklar seg inni egg i livmor eller eggleiarar, og hovudsakleg får næring frå sin eigen plommesekk. Egga til ovovivipare dyr har gjerne svake skal eller hinner, og kan klekka før, under eller etter fødselen. Det kan vera vanskeleg å skilja mellom dei ulike formene for fødsel, fordi mororganismen kan tilføra ulik grad av næring hjå ovovivipare dyr òg. Ein art kan òg ha fleire former for fødslar. Kakerlakkar, til dømes, legg først og fremst egg, men desse kan i sjeldne høve klekka før legging og slik gje ein ovovivipar fødsel.

Etter fødselen vil mange levandefødde born forlata foreldra med ein gong, men nokre stader blir dei tekne vare på. Skorpionar ber til dømes med seg ungane fram til første hamskifte.[2]

Dei fleste insekt legg egg, men nokre sjeldne artar føder miniatyrutgåver av det vaksne dyret.[3] Bladlus har ein kompleks livssyklus, og kan formeira seg svært raskt i sommarmånadane. Dei formeirer seg ofte gjennom partenogenese (ukjønna formeiring med berre ein forelder) der hoer dannar ubefrukta egg som dei held inni kroppen.[4] Embryoa utviklar seg så inni ovariolane til mora, og blir levande fødde som klonar av henne. Dei er honymfer som veks raskt og snart produserer meir hokjønnsavkom.[5] I nokre høve har dei nyfødde nymfene allereie veksande embryo inni seg.[3]

Tid og stad[endre | endre wikiteksten]

Sørleg elefantsel (Mirounga leonina) føder omgjeven av andre hoselar.

Tida på fødslar ymsar mellom artar og individ. Dyr som vanlegvis føder store kull, føder gjerne lett og snøgt. Hund, katt og gris har til dømes ofte fødslar som varar 1-6 timar, sjølv om dei òg kan vara i 18-24 timar. Utdrivingsfasen kan vara 1/4–½ hjå hopper, 1/4–2 timar hjå sau og geit, og rundt 3 timar for kyr. Fødselslengd hjå kvinner er omdiskutert fordi ein ikkje har ein klar definisjon på kva tid fødselen tek til. Opningstida blir gjerne delt i ein latent fase med svake rier og ein aktiv fase med opna mormunn der riene er sterkare, og varer i eit oversyn i gjennomsnitt 8,5+5,0 timar hjå førstegongsfødande og 3,0+2-3 timar hjå kvinner som har fødd tidlegare. Utdrivinga tek gjerne 45-95 minutt hjå førstegongs-fødande og nokre få minutt til ein halvtime hjå kvinner som har fødd tidlegare.[6]

Etterbyrda blir utstøytt rundt 15–30 minutt etter fødselen hjå menneske og hestar. Drøvtyggarar støyter gjerne ut etterbyrda ½–6 timar etter fødselen.

Ein fødsel set både mor og barn i ei utsett stilling. Mora kan ikkje fly frå farar medan ho føder, medan den nyfødde kan ha problem med å røyva seg etter fødselen. Dyr kan fylla tryggleikshøvet på ulike måtar, anten ved å føda åleine, ved tider og stader der andre dyr sjeldnare er på rov, eller ved å føda omgjeven av ein vernande flokk.[7] Nyfødde barn må anten vera så utvikla at dei kan klara seg sjølv kort tid etter fødselen, eller dei må gøymast bort til dei er godt nok utvikla.

Fostertal og utvikling ved fødsel[endre | endre wikiteksten]

Ein halvtimesgammal kalv diar mor si.

Store pattedyr som kvalar, elefantar, sjiraffar, flodhestar, nashorn, storfe, hestar, selar og primatar føder ofte berre eit avkom om gongen, sjølv om tvillingar og andre fleirfødslar førekjem. Dei fleste av desse avkoma er meir utvikla enn menneskeungar ved fødselen, ved at dei til dømes kan stå og gå eller symja nokså snart etter fødselen.[8] Kvalar og delfinar føder som regel ungen med halen først, noko som reduserer sjansen for at han skal drukna.[9] Mora oppfordrar den nyfødde ungen til å symja til vassoverflaten for å pusta.[10] Selar føder derimot gjerne på land eller på isen, og selungar er hjelpelause like etter fødselen. Middelhavsmunkesel føder gjerne skjult i små kystholer.[11] Primatungar bortsett frå menneskeungar kan klamra seg fast til vaksne kort tid etter fødselen, men kan ikkje klatra åleine.[12][13]

Bilde av ein femti dagar gammal kenguruunge i lommen til mora.

Andre pattedyr, som kattedyr, hundedyr, revar og gnagarar, føder gjerne større kull med mindre utvikla ungar som til dømes kan mangla hår, syn, tenner og evna til å regulera kroppsvarmen sin. Desse ligg i eit reir eller hi og blir mata av mora og passa på av henne og eventuelt andre slektningar.[14] Som eit døme er brunrotter drektige i rundt tre veker og passar ungane til dei er avvende etter tre-fire veker.[15] Kattar er drektige i rundt ni veker, og kattungane blir avvende etter rundt seks til åtte veker.[16] Dei er lite aktive dei første tre vekene etter fødselen, og held seg i reiret.[17]

Pungdyr føder svært lite utvikla ungar.[18] Fostertida er som regel kortare enn tida mellom to østrus-periodar. Det første teiknet på at ein fødsel er føreståande er at mora reingjer pungen eller patteområdet og slikkar ein slags sti mellom kloakken og dette området for ungen til å følgja. Mora sit gjerne i ei særskilt stilling under fødselen, for å letta vegen for fosteret til pungen.[19] Nyfødde pungdyrungar er blinde, rosa, hårlause og nokre få centimeter lange. Dei har nasebor til å pusta og lukta med og framføter til å klynga seg til mora sin pels med, men bakføtene er lite utvikla. Etter andre del av fødselen kravlar dei over pelson til mora til pungen hennar. Her set dei seg ved ei patte som svulmar opp i munnen deira og utviklar seg vidare. Ungane sit på patta i fleire månader før dei er godt nok utvikla til å koma ut.[20]

Mange pungdyr har ein pung utvikla av ein hudfold som vernar om ungane deira. Andre, som numbatar og rovpungdyr, har ein muskelring rundt pattane som trekk seg saman rundt ungen. Pungdyr kan ha mellom 2 og 12 pattar. Nokre artar føder fleire ungar enn dei har pattar til, og dei ungane som ikkje kjem til ei patte døyr.[19]

Vanskar[endre | endre wikiteksten]

Keisarsnitt er blitt ei vanleg løysing på fødevanskar.

Mange større og små problem kan oppstå under ein fødsel, og det er utvikla fleire måtar å hanskast med dei på. Ei uvanleg stilling kan til dømes skada eller stoppa fosteret på vegen ut. Setelege, der føtene kjem først, er ei atypisk stilling hjå menneske og husdyr som kan gje ein vanskeleg fødsel, men er normalt hjå andre dyr. Tverrlege, det at fosteret ligg på tvers, gjer vanleg fødsel umogleg. Problem med fosterstilling kan ofte førebyggast før fødsel gjennom massasje eller ulike stillingar. Elles blir foster i vanskelege stillingar, særleg hjå kvinner, ofte forløyst gjennom ulike inngrep, som fødselstong, sugeklokke, vakuumekstraktor, og i nyare tid stadig oftare keisarsnitt.

Dei fleste fødslar hjå menneske og dyr går føre seg utan større problem, men dei kan opplevast som smertefulle og skremmande. Til tider kan det vera vanskar med å få fosteret ut, slik at ein må hjelpa eller tvinga det ut på ulike måtar. Eit anna mogleg problem er lengd bløding etter fødselen. Av desse grunnane er det vanleg med medisinsk tilsyn ved fødsel hjå menneske og nokre husdyr, av jordmor, lege eller dyrlege. Hjelparar kan òg ta seg av fødande og nyfødde under og etter fødselen.

Fødsel i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Scene frå mastaba-grava til prinsesse Idut, dottera til farao Unas frå Det femte dynastiet i Egypt. Scenen viser ein flodhestfødsel og ein trugande krokodille. Scenen skal truleg illustrera sambandet mellom fødsel og død.

Fødsel er ein stor overgang for eit foster, som går over frå å ha blitt verna og næra av mora sin kropp til å pusta, ta til seg næring og vera i verda på eiga hand. Særleg barnefødsel blir rekna som ei særs viktig hending som menneske knyter ei rekkje skikkar til, som feiring av sjølve fødselen og seinare fødselsdagar og skriving av fødselsattest.

Fødslar kan reknast for å ha ei viss magisk kraft, der ein i ulike tradisjonar til dømes har gitt ei fødande søye for frå ei bikube for å gje hell til biene eller høy frå ei barselseng til ei ku som ikkje mjølker. Kontakt med ein fødestad eller ei kvinne som nyleg har fødd skulle også ha kraft til å gjera andre kvinner gravide.[21] Samstundes finst det òg tradisjonar som gjer ei barselkvinne og i nokre høve også ein ny far urein og upassande for religiøse handlingar før ei viss tid er gått etter fødselen.[22][23][24][25] Eit visst tidsrom eller seremoniar som konegang eller rituelle bad endar denne statusen.[26]

Ordet fødsel kan også brukast i overført tyding om byrjinga til noko,[27] som «fødselen» til universet[28] eller ei stjerne,[29] ei tankeretning eller ei politisk hending. Renessanse eller gjenføding kan visa til ein ny kulturell periode eller blømingstid.[30] Det kan ha ei religiøs tyding, som i tanken om å bli «fødd på ny» i kristendomen og «annan fødsel» i hinduismen.

Uvanlege eller mirakuløse fødslar er utbreidde i religion, mytologi og folkedikting. Juleevangeliet fortel om den underfulle fødselen til Jesusbarnet. I gresk mytologi blei til dømes Atene fødd frå panna til far sin, Zevs, medan Afrodite blei fødd av havskum. I japansk tradisjon blei Momotarō funnen inni ei stor fersken som flaut på ei elv, medan Kaguya-hime blei fødd frå ein glødande bambusstengel. Mumle Gåsegg i norsk eventyrtradisjon er fødd frå eit gåseegg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lindburg et al. 1972, s. 319-320
  2. Kendall 2009
  3. 3,0 3,1 Attenborough, David (1990). The Trials of Life. s. 26–30. ISBN 9780002199124. 
  4. Blackman, Roger L (1979). «Stability and variation in aphid clonal lineages». Biological Journal of the Linnean Society 11 (3): 259–277. ISSN 1095-8312. doi:10.1111/j.1095-8312.1979.tb00038.x. 
  5. Conrad, Jim (10. desember 2011). «The aphid life cycle». The Backyard Nature Website. Henta 31. august 2013. 
  6. Blix, Kumle & Øian 2008
  7. Fujita & Kohda 1998
  8. Dorit, R. L.; Walker, W. F.; Barnes, R. D. (1991). Zoology. Saunders College Publishing. s. 526–527. ISBN 978-0-03-030504-7. 
  9. Mark Simmonds, Whales and Dolphins of the World, New Holland Publishers (2007), Kap. 1, s. 32 ISBN 1845378202.
  10. Crockett, Gary (2011). «Humpback Whale Calves». Humpback whales Australia. Arkivert frå originalen 20. mars 2018. Henta 28. august 2013. 
  11. Synnevåg, Anne (22. januar 2008), «Kjapp fødsel for truet sel», NRK (på norsk bokmål), henta 11. januar 2020 
  12. Munn C; Fernandez M (1997). «Infant development». I Carol Sodaro. Orangutan species survival plan husbandry manual. Chicago: Chicago Zoological Park. s. 59–66. OCLC 40349739. 
  13. Bard, K. A. (1995). «Parenting in primates». I Bornstein, M. H. Handbook of parenting. Volume 2: Biology and ecology of parenting. Mahwah, New Jersey: Lawrence Erlbaum Associates. s. 27–58. ISBN 978-0805837797. 
  14. Harris, Stephen; Yalden, Derek (2008). Mammals of the British Isles : handbook. (4. utg.). Southampton: Mammal Society. s. 408–422. ISBN 978-0906282656. 
  15. Frafjord, Karl (31. oktober 2019). «brunrotte». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  16. Sturgess & Hurley 2005, s. 244.
  17. Braastad, Bjarne O. (25. november 2019). «katters atferd». Store norske leksikon (på norsk). 
  18. Hugh Tyndale-Biscoe; Marilyn Renfree (30. januar 1987). Reproductive Physiology of Marsupials. Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-33792-2. 
  19. 19,0 19,1 Frafjord, Karl (22. oktober 2019). «pungdyr». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  20. «Reproduction and development». Thylacine Museum. Henta 28. august 2013. 
  21. Opie, Iona; Moira Tatem (1996). «BIRTH, contact with». A Dictionary of Superstitions. Oxford University Press. 
  22. Roberts, John (1. januar 2007). Roberts, John, red. «Pollution, Greek concept of» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-280146-3. doi:10.1093/acref/9780192801463.001.0001/acref-9780192801463-e-1765. 
  23. Browning, W. R. F. (2009). «Birth» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-954398-4. doi:10.1093/acref/9780199543984.001.0001/acref-9780199543984-e-284. 
  24. Karpozilos, Apostolos; Kazhdan, Alexander; Cutler, Anthony (1. januar 2005). «Birth» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-504652-6. doi:10.1093/acref/9780195046526.001.0001/acref-9780195046526-e-0741. 
  25. Opie, Iona; Tatem, Moira (1996). «CHURCHING after childbirth» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-282916-0. doi:10.1093/acref/9780192829160.001.0001/acref-9780192829160-e-317. 
  26. Textbook of the 'University of Spirituality', Volume 61, Death and Post-Death Rites, by Parātpar Guru (Dr) Athavale and H.H. (Mrs.) Anjali http://sanatanshop.com/shop/en/booklets/383-death-and-post-death-rites.html
  27. «fødsel» i Nynorskordboka.
  28. «Universets fødsel - Kjemisk institutt», www.mn.uio.no (på norsk), henta 9. januar 2020 
  29. «Stjerners fødsel og død», Norsk Romsenter (på norsk), henta 9. januar 2020 
  30. «renessanse» i Nynorskordboka.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Lindburg, D. G.; Lester; Dessez; Hazell (1972), «Licking of the Neonate and Duration of Labor in Great Apes and Man», American Anthropologist, New Series 74 (3): 318–325, ISSN 0002-7294 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fødsel