Finnar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For fiskeorganet, sjå finne.
Finske folkedansarar.
Finsk familie i 1928.

Finnar kan vera alle statsborgararar av Finland, eller berre dei som har finsk som morsmål. Dette er eit austersjøfinsk språk i slekt med estisk og karelsk, og skil seg frå dei indoeuropeiske skandinaviske og russiske nabospråka.

Dei finsktalande utgjer fleirtalet i Finland, der det og bur finlandssvenskar, samar og ulike innvandrargrupper. Det finst også grupper av utvandra finnar andre stader, som ingermanland-finnar i Russland, skogfinnar og kvener i Noreg og tornedalingar og sverigefinnar i Sverige.

Finnar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er «finn» blitt brukt om fleire folkegrupper, og er blitt eit mannsnamn og eit namneledd. Sidan norrøn tid har ordet vist til samar.

Finsk innvandring til Finnskogen i tidleg moderne tid gav ei norsk folkegruppe kjend som skogfinnar, medan seinare finskætta innvandrarar er blitt kalla kvenar eller norskfinnar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samfunnsartikkelen som har med Finland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.