Folkedrakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jemenittisk mann og gut i folkedrakt.

Folkedrakter er lokalt særmerkte klede som skil seg frå samtidsmoten. Desse plagga er del av ein stadbunden folkeleg draktskikk med innarbeidde normer for utforming og bruk av klede. Folkedraktene er brukarane sine tradisjonelle klede med graderingar frå høgtidsklede til kvardagsklede. Samedrakt er eit eksempel på ei folkedrakt, ettersom han kan brukast i forskjellige utformingar både til kvardags og til fest. Den norske bunaden vert derimot ikkje rekna som ei folkedrakt i dag, ettersom han klart skil seg frå dei normale klesdrakter og berre vert nytta i spesielle høve. Folkedrakter kan vera utgangspunkt for, eller vera brukt som, nasjonaldrakter.