Forteljing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Storyboard er ein måte å planleggja framstillinga av ei forteljing på i teikneserie, film eller interaktive media.

Forteljing er noko som blir fortald, og er gjerne eit litterært arbeid som formidler hendingar.[1] Forteljing er ein måte å formidla ein del av verda på, som regel ved hjelp av ord. Ei forteljing kan framstillast som sann eller oppfunnen, og kan forteljast med mange ulike føremål, til dømes underhalding, opplæring eller sosialisering. Forteljingar kan delast munnleg, gjennom skrift, bilde eller andre media, som film eller radio.

Det finst ei rekkje ulike sjangrar av forteljing som kan ha eigne krav til utforming og innhald. Eit eventyr bør til dømes ha faste eventyrformuleringar, medan ein anekdote bør ha eit godt poeng.[2]

Ei forteljing kan ha funksjon innan eit større verk, til dømes som rammeforteljing rundt ei anna forteljing.[3] Ei forteljing som blir fortald ei fleire fråskilde delar blir kalla framhaldsforteljing eller føljetong.[4]

Ein kan klassifisera forteljingar etter innhald, som bondeforteljing, detektivforteljing, indianarforteljing eller sjøforteljing.[5]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.