Fruktdyrking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fruktdyrkar som dyrkar lulo/naranjilla (Solanum quitoense) i Colombia.

Fruktdyrking er produksjon av frukt i større eller mindre skala, og finn stad i hagar, eigne frukthagar, på åkrar eller i veksthus. Fruktdyrking er avhengig av passande jordsmonn og klima, og kan vera konsentrert i visse område i eit land. I Noreg er til dømes Hardanger kjend for mange frukttre.

Frukt kan seljast direkte til forbruk eller danna råvare for andre produkt, som syltetøy, tørka frukt, hermetikk, saft, most, sider eller vin.

Kvisting av frukttre i Australia i 1921.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det finst døme på fruktdyrking frå Afrika og Asia frå minst 6000 år tilbake. Kontakt med kulturfolka i Asia og Egypt førte til at dyrkinga vann innpass også i Europa, først i Hellas og sidan også i Italia. Romerske jordbruksforfattarar fortel om fruktdyrking; éin av dei nemnde rundt år 50 e.Kr. heile 29 eple-, 43 pære- og 8 kirsebærsortar. Etter kvart spreidde fruktdyrking seg til alle europeiske land, og i Noreg har eple vore dyrka sidan vikingtida. Dette er mellom anna vist i Osebergfunnet, der det blei funne 54 godt bevarte eple, truleg villeple. Etter at Noreg blei kristna tok fruktdyrkinga seg opp, og klostera blei senter også for utviklinga av hagebruk.

Fruktdyrking i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Frukthage i Opedal i Ullensvang.

Fruktdyrking er ein viktig næringsveg mange stader av landet. Dei fylka som har mest fruktdyrking er Hordaland, Sogn og Fjordane, Telemark, Buskerud, Vestfold og Rogaland (1999). Hordaland har mest eple, plommer og morellar, medan Sogn og Fjordane har mest pæredyrking. I 1999 var det totale fruktarealet i Noreg ca. 27 000 dekar. Av dette var ca. 19 000 dekar eple, 2200 dekar pære, 3000 dekar plomme, 470 dekar surkirsebær og 2500 dekar søtkirsebær (morell).

Vilkåra for fruktdyrking i Noreg er svært varierande. Skal fruktene utviklast tilfredsstillande, trengst godt grøfta, varm og djup jord og ein solrik og lun vekseplass. Skredjord, morenejord og forvitringsjord er best. Stiv leirjord og tørr sandjord er lite skikka. Frukt som veks godt i Noreg er eple, pære, kirsebær, rips, solbær, stikkelsbær, jordbær, bjørnebær og bringebær. Fruktproduksjonen er nokså liten, og det blir innført mykje frukt frå utlandet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Fruktdyrking» (6. mars 2012), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 5. juli 2014.
  • «Frukt» (11. april 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 5. juli 2014.