General

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

General er ei høgt rangert grad i fleire militærvesen. Nemninga kan brukast om alle generalgrader, som generalløytnant og generalmajor, eller kan vera ei eiga grad.

General i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Blant norske militære grader er general den høgaste offisersgrada i Hæren og Luftforsvaret, medan admiral er den høgaste i Sjøforsvaret.

I Noreg blir tittelen brukt til dagleg om generalløytnantar og generalmajorar, men i formelle samanhengar viser han til ein verkeleg general, ei grad berre den norske Kongen og forsvarssjefen har. Symbolet for grada er fire stjerner på ein gullfarga bakgrunn.

Lågare grader[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er generalløytnant grada like under general i Hæren og Luftforsvaret.

Høgare grader[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er det inga grad over general.

Det har funnest og finst høgare grader i nokre land, som tysk generaloberst og den politisk utnemnde stillinga feltmarskalk (i Tyskland generalfeltmarskalk).

Spire Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.