Grå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grå
 

HTML-farge#808080
sRGBB  (rgb)(128, 128, 128)
CMYKH   (c, m, y, k)(0, 0, 0, 50)
HSV       (h, s, v)(0°, 0%, 50%)
B: Normalisert til [0–255] (byte)
H: Normalisert til [0–100] (hundre)

Grå er ein vanleg farge i naturen som ein kan framstilla ved å blanda svart og kvitt i ulike mengder.

I lite lys ser menneskeauget dei fleste fargar som grå, ettersom det berre er stavane i auget som verker då.

Fargelære[endre | endre wikiteksten]

To fargar blir kalla komplementærfargar dersom dei lagar grått når dei blir blanda. I tillegg til paret svart og kvitt er òg gult og blått, raudt og grønt, oransje og sjøblått og lime og lilla slike komplementærfargar. Grått er sin eigen komplementærfarge.

Tonar av grått blir brukte som kamuflasje i byområde og av marineskip.

Grått som symbol[endre | endre wikiteksten]

Tung, grå skodde.

Grått kan stå for noko som er keisamt og gjennomsnittleg. Me snakkar om den grå kvardagen, om ein keisam eller usynleg grå person. Grått kan stå for depresjon og einsemd. Hausten med mykje skodde og regnvêr blir omtala som ei grå årstid med triste grå dagar. Grått er òg ein byfarge som minner om stål, betong og granitt og blir sett opp som ein negativ kontrast til den grøne naturen.

Når det gjeld moralske spørsmål kan grått brukast for å skildra ein situasjon som ikkje har klare svar i staden for ei klar god (kvit) og dårleg (svart) løysing.

Det nederlandske marineskipet Hr.Ms. Rotterdam i grå kamuflasjefarge.

Grå dyr[endre | endre wikiteksten]

Ein grå ulv.

Gråtass og gråbein er omskrivingar som er blitt brukte om ulv.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Grå