Haiku

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg operativsystemet Haiku
Haiku på ei støtte ved buddhisttempelet Horyuji i Naraprefekturet i Japan.

Haiku er ei tradisjonell japansk diktform. Eit haikudikt inneheld 17 stavingar. Første lina har 5 stavingar, andre lina har 7 stavingar og tredje lina har 5 stavingar att. Det andre som kjenneteiknar eit haiku, er at det inneheld eit ord som viser kva årstid det er skrive i.

Haikudikt er knytte til naturen. Difor kan det vere med noko i diktet som viser kva årstid det er. Kigo er det ordet i haikudikt som set diktet inn i ei spesiell årstid. Eit haikudikt skal skje i notid. Det skal ikkje ha rim i seg.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia veks i vinter
og har blitt
eit kjempestort verk

Det er nokså lett
å skrive ein haiku
på ein mild vinterdag

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.