Hand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om lemen. For snøtypen, sjå névé.
Framsida og baksida av menneskehender.
Knoklane i ei menneskehand.

Handa eller neven (latin manus) sit ved enden av underarmen (antebrachium) og forlemmane hos primatar. Handa har utvikla seg som eit gripeorgan. Hend (og føter) hos primata har difor neglar og ikkje klør. Som gripeorgan er handa særs kjenslevar. Dette syner seg i fingertuppane med talrike kjenslelekamar, medan neglane verkar som ein motstand under registrering av trykk. Karakteristisk for handa er at tommelfingeren kan motstillast dei andre fingrane.

Hos mennesket er tommelen forholdsvis stor, medan han hos hengeklatrande aper kan vere liten eller tilbakedanna. Handa består av 27 knoklar, og vert delt inn i handrota (carpus) med åtte handrotsknoklar, mellomhanda (metacarpus) med fem mellomhandsknoklar og fingrane (digiti) med til saman 14 fingerknoklar, to i tommelfingeren og tre i kvar av dei øvrige fingrane. Primata har vanlegvis to hender og fem fingrar (veslefinger, ringfinger, langfinger, peikefinger og tommel) på kvar hand. Handrotsknoklene er ordna i to rekkjer med fire i kvar. Rekna frå tommelfingersiden består øvste rekkja av båtbeinet, månebeinet, pyramidebeinet og ertbeinet. Det sistnemnde er eigentleg eit senebein. Den neste rekkja består av store og små mangekanta bein, hovudbeinet og krokbeinet.

Funksjon[endre | endre wikiteksten]

Ledda i skuldra og armen er ordna slik at handa får eit stort verkeområde, medan handa sine eigne ledd gjer han eignar seg som gripeorgan og til fingerarbeid. Under gripinga går arbeidsaksen mellom tommelfingerballen og handflata med veslefingerballen. Under fingerarbeid vert handa innstilt slik at rørslene føregår omkring tredje fingeren. Muskelmassen minkar frå skulderbogen til handflaten, og på fingrane finst ikkje musklar, berre sener som virkar som transportreimer for muskelkrafta. Handa er vesentleg for psykomotoriske funksjonar som form- og romoppfatning. I samsvar med den store funksjonelle tydinga har handa ein stor representasjon i hjernebarken.

Linjene i handflata, som «livslinja» i spådomskunsten langs tommelfingerballen, «lykkelinja» langs midten av handa og tverrfurene i ytre del av handflaten, skriv seg frå eit komplisert samspel mellom arv og funksjon.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hand