Handverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Keramikk er eit eldgammalt og verdsomspennande handverk. Her lager ei kvinne ei tradisjonell yixing-tekanne.

Handverk er ei fellesnemning på produksjonsmetodar der ein hovudsakleg nyttar hendene og eventuelt enkle verktøy for å forme eller lage eit objekt. Handverk kan og nyttast som nemning på sjølve vara eller produktet som vert produsert for hand. Ein som har handverk som yrke blir kalla handverkar.

Handverk vert gjerne nytta som motsats til industriell produksjon. Innan handverk vert produkta gjerne laga til eitt for eitt, medan industriell produksjon er særkjenna av masseproduksjon. Før den industrielle revolusjonen var handverk den vanlege produksjonsmetoda. Om handverket har eit kunstpreg vert det tale om kunsthandverk.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.