Hibakusha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hibakusha (被爆者) er eit japansk ord som tyder bomba mann og viser til menneska som opplevde og overlevde atombombene over Hiroshima og Nagasaki. Etter kvart er omgrepet blitt utvida slik at det òg kan gjelda etterkomarane deira som er plaga på grunn av bombene, og andre som er blitt skada av radioaktiv stråling.

Etterverknader[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til dei fysiske og psykiske traumene som følgde av atomåtaket, opplevde mange hibabushaer seinverknadar som følgje av strålinga dei blei utsette for under åtaket. Mange fekk strålesjuke som i fleire tilfelle var dødeleg. Mange hadde arr og skader som gjorde dei stygge å sjå på. Dei gjekk rundt som levande minne om at Japan hadde tapt krigen, og mange andre japanarar unngjekk dei.

Mange hibakushaer var for sjuke eller skadde til å arbeida, og måtte leva i fattigdom. Andre fekk ikkje arbeid fordi arbeidsgjevarane frykta at dei var for svake og sjukelege.

Etter kvart som hibakushaene fekk barn, var det tydeleg at strålinga hadde påverka desse òg. Foster som hadde vore i mors liv under åtaket var hardast ramma, men også seinare blei det fødd ungar med misdanningar og auka sjanse for å få kreft. Andre japanarar unngjekk giftarmål med atombombeoffer fordi dei frykta slike skader på eventuelle ungar, eller at hibakusha-ektefellen skulle sjukna og døy tidleg.

Slik blei hibakushaene marginaliserte i samfunnet. Mange skjulte kva dei hadde opplevd for ikkje å bli utstøytte. Samstundes tagde pressa om åtaka og følgjene, redde for å tirra USA.

Samhald[endre | endre wikiteksten]

I 1956 gjekk mange slike offer saman og danna Nihon Hidankyo. Denne organisasjonen har samla hibakushaene og slost for anerkjenning og hjelp til dei som treng det. Han har oppnådd lovar som gjev dei rett til noko fri helsehjelp, men reglane for kven som kan få hjelp, og for kva, er strenge.

Mange hibakushaer har òg stått fram og fortald historia si igjen og igjen, i håp om å dyrka fram fred og forbod mot atomvåpen.

Uoppgjort[endre | endre wikiteksten]

Eit stort tal koreanarar blei òg råka av atombombene. Rundt 15 000 av desse drog tilbake til Korea etter krigen. Desse har opplevd at helsevesenet der ikkje skjøner skadane deira, medan dei japanske styresmaktene ikkje vil gje dei hjelp.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Hibakusha